1950 Filmen om livet på Havråtunet

– Knut Olav Aslaksen –

Filmen «Havretunet» er ein dokumentarfilm som fortel om livet i det vesle bygdesamfunnet Havråtunet på Osterøya, slik det har vore levt i mange hundre år.

 

Lauvsanking og frakt med kipe på Havråtunet. Foto frå filmen.

 

Det er ei forteljing om tungt slit frå morgon til kveld, heile året igjennom. Filmen fortel om vanskar i strida for tilværet og om menneske som aldri sparar seg i arbeidet sitt. Men samstundes er det ei skildring av ei kulturform som byggjer på eldgamle tradisjonar. Filmen er ei unik skildring av eit særeige norsk klyngjetun, og blei oppteken i 1949-50, tett før slik drift opphøyrde i Noreg.

 

Frå slåtten på Havråtunet. Foto frå filmen.

Robert Kloster

Det var konservator ved Bergens Museum (no Universitetsmuseet i Bergen) Robert Kloster som tok initiativ til å få laga ein vitskapleg dokumentasjon av livet på den siste einbølte garden på Osterøy i Vestland. Filmen tek oss med gjennom ein heil årssyklus. Han var del av prosjektet «Kulturgeografisk registrering på Vestlandet». Kloster kontakta statsekretær Helge Sivertsen i Kyrkje- og undervisningsdepartementet som påtok seg å finansiera filmen, etter å ha lagt fram prosjektet for Statens filmråd og produksjonsselskapet Norsk Film AS. Regi og foto er ved Sigurd Agnell, medan manusførelegg er utarbeidd av den lokale medarbeidaren Johs. Revheim.

 

Saueklipping på Havråtunet. Foto frå filmen.

Brita Skre

Etnologen Brita Gjerdåker Skre var forskingsassistent på prosjektet og levde saman med folka på Havre då filmen vart teken opp. Ho skreiv sidan magistergradsoppgåve og bok om livet i tunet. Både filmen og oppgåva er unike dokument som skildrar årssyklus, skikkar, arbeidsformer, verktøy, byggeskikk, tradisjonar, ord og uttrykk – knytt til det einbølte tunet.

I 1956 vart det laga ein kortare kinoversjon av filmen med tittelen Håvråtunet, med originalmusikk av Harald Sæverud. Klyngjetunet Håvrå er i dag eit levande museum og del av Museumssenteret i Hordaland.

 

Bygjing av ein brakevegg på eit uthus på Havråtunet. Foto frå filmen.

Filmen ser du her >