1856 Løva frå prins Napoleon

 

– Knut Olav Aslaksen –

 

Den 23.august 1856 stemna orlogskipen, korvetten «Reine Hortense», inn på Vågen i Bergen. Ombord var  prins Napoleon Bonaparte, nevø av keisar Napoleon. Han var  på ein naturvitskapeleg ekspedisjon til Nordområda på veg frå Grønland, Jan Mayen, Island, Færøyene og Skottland –  til Finnmark og Nordkapp. I Bergen måtte ekspedisjonen gjera vendereis grunna  dårleg vær og ekspedisjonen blei  avslutta med ein tur sørover langs kysten til Christiania, København og Stockholm.

 

Maleri av Napoléon Joseph Charles Paul Bonaparte, brorsøn til keisar Napoleon. Måla av Hippolyte Flandrin. Offentleg eige.

 

Mykje har blitt skrive om prinsen sitt opphald i Bergen, om besøk i Det norske Theater for å oppleva, den unge Henrik Ibsens si  oppsetjing  av Gilde på Solhaug, om den praktfulle utsikta frå Natland og om ei overdådig mottaking til prinsen si ære i nyreiste Tanks Skole. Vi lar dette ligge og trekker heller fram prinsens sitt besøk ved ein annan av byen sine  attraksjonar nemleg «Bergens Museum», dagens Universitetsmuseum, som i år rundar 200 år. I 1856 var museet i det Klagenbergske hus med tilbygg frå 1840, der Bergen Rådhus ligg i dag.

 

Reisekildringa. Foto: Faksimile.

 

Besøket på Bergens Museum må ha gjort inntrykk på prinsen. Biografen og reisefølge Charles Edmond  skriv i boka «Voyage dans les Mers du Nord a bord La Corvette La Reine Hortense» at ein med glede går gjennom dei enorme galleria  i museet der heile Norge sin fauna er  samla og at kunnskap om landet sin natur og historie ser ut til å være den einaste faktoren for  etableringa av samlingane. Han la vekt på at samlingane var etablerte av private utan offentleg medverknad, og framheva  initiativtakarane sitt ideelle engasjement. Fritt oversett frå fransk uttrykte han seg slik:

Naturhistorisk kabinett og Antikvitetsmuseet i Bergen, stiftet og beriket, uten statens inngripen, av enkeltpersoners eksklusiv omsorg, vitner om den omtanke  som den norske kjøpmann vier fritiden sin til.  Oppmerksomhet som går ut over de materielle interessene til hans virksomhet. Kunnskap om landets natur og historie ser ut til å ha vært den eneste grunn til etableringen av disse to fine samlingene. I stedet for de evig klønete utstoppede, flådde og deformerte bengalske tigrene; i stedet for de falmede papegøyene i Brasil, de apokryfe medaljene fra Tyrus og Kartago, reiser man med glede gjennom disse enorme galleriene hvor hele Norges fauna samler seg, hvor disse dyrebare suvenirene vises i form av våpen, redskaper, smykker og  eldgamle utskjæringer i tre.  Skikker og vaner har endret seg siden den gang, sivilisasjonen har endret dem gjennom konstante og energiske handlingen til moralsk og materiell fremgang; dens dyder har forblitt de samme. Kjærligheten til frihet og en gjestfrihet som man ikke kan danne seg en rettferdig idé om, med mindre man har reist i Norden, utgjør fortsatt dens hovedgrunnlag. Det er ingen manifestasjon av det offentlige liv som i så henseende ikke treffer utlendingen sterkt.

 

Daniel Cornelius Danielssen. Foto: Marcus.uib.no, Universitetsbiblioteket i Bergen / Claus Peter Knudsen.

 

På museet må prinsens ha blitt vist rundt av overlege Daniel Cornelius Danielssen som var medlem i museet sin direksjon, for i mai året etter sendte prinsen fire kassar med naturhistoriske objekt  til Bergens Museum, adressert til Danielsen.

 

Skjelettet av løva gitt i gåve til museet av prins Napoleon. Foto: Knut Olav Aslaksen, Universitetsmuseet i Bergen.

 

På dette tidspunktet var Danielsen på ein  naturvitskapleg ekskursjon til Finnmark og Nordkapp, til stader prinsen sjølv aldri nådde.  Då han var bortreist kunne Danielsen naturlig nok ikkje bekrefte mottaking av  den storstilte gåva. Etter purring frå prinsen sitt kabinett var det museets sin preses Werner Hosewinckel Christie som 24. august 1857 kunne bekrefta at sendinga var kome vel fram.  Gåva frå prinsen, kom frå  det naturhistoriske museet i Paris, Museum d´histoire naturelle de Paris, og inneheldt ei samling pattedyr og fuglar, mellom anna skjelete av ei løve, Panthera leo, som du  i desse dagar kan sjå i den nye basisutstillinga «Bare Bein» ved Universitetsmuseet.

I januar 1858 kom ei ny gåve frå prinsen til museet i Bergen. Då sendte privatsekretæren Emile Hubaine eit eksemplar av Charles Edmond si omfangsrike bok om den vitskapelege ekspedisjonen til Norden  som ei gåve til museet sitt bibliotek. I dag blir boka tatt godt vare på av Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket.