– Terje Lislevand –
Lørdag 29. januar 2017 låg det ein kval og duppa heilt inne i fjøra ved Vindenes på Sotra. Det var tydeleg at han var sjuk, og etter kvart vart dyret difor avliva. Det som seinare hende gjorde kvalen frå Vindenes kjent over heile verda.

Kva art kan det vere?
Dagen etter at kvalen døydde låg han framleis fortøydd langs kaia på Vindenes, og eg reiste ut for å kikke nærare på han. Dyret var om lag seks meter langt. Det hadde ei sigdforma ryggfinne og to ganske korte bukfinnar. Fargen var for det meste grå, med unntak av hovudet som var lysare, nærmast kvitaktig. Toppen av hovudet var avrunda opp mot blåseholet, og munnvikene gav kvalen eit smilande uttrykk.
I byrjinga var det uvisst kva for ein kvalart dette var tale om. Den lange, smekre og torpedoforma kroppen, og eit hovud med eit markert utståande munnparti, synte klart at det dreidde seg om ein representant for gruppa nebbkvalar (famelien Ziphiidae).
Etter litt diskusjon mellom fagfolk vart det slått fast at arten var ein kvithovudnebbkval (Ziphius cavirostris). Offisielt var ikkje denne arten tidlegare registrert innom landets grenser, men eit tidlegare funn har vorte kjent i ettertid. Dyret hadde faktisk heller ikkje eit offisielt norsk namn på dette tidspunktet, men namnet «gåsenebbkval» vart mykje nytta.
Kvalskjeletta ved museet
Ved Universitetsmuseet har vi ei stor samling av kvalskjelett frå artar som finst i våre næraste havområde. Mange av desse er stilt ut i kvalsalen, der publikum kan spasere under beingrindene til dei enorme og imponerande sjødyra. Men ved byrjinga av 2017 fantes ikkje kvithovudnebbkvalen i museet sine samlingar.
Etter ein del logistisk planlegging fekk vi difor frakta kvalen inn til universitetet sin biologiske stasjon på Espegrend like utanfor Bergen. Her vart dyret partert, og bein skilte lag med kjøt og spekk. Dette var eit tungt arbeid som kravde stor innsats frå seks personar som heldt det gåande til langt på kveld. Deler av jobben vart grundig dokumentert av ulike massemedie som fatta stor interesse for kvalen.

Innhaldet i magen
På eit tidspunkt vart kvalmagen opna for å undersøke kva dyret hadde ete. Sjokket var stort då det viste seg at magesekken var fylt av meir enn førti store flak, posar og heile sekkar av plast. Det er god grunn til å tru at det var denne fargerike ballen som var årsaka til at dyret ikkje oppførte seg normalt, då mage- og tarmsystemet såg ut til å vere heilt tilstoppa.
Historia om kvalen frå Vindenes vart spreidd av media over heile verda. Det gjorde inntrykk på folk at eit så stort dyr har ete slike mengder med plast, og ikkje minst kor store pinsler dette hadde påført dyret.
Plastutslepp i naturen
Historia om plastkvalen frå Sotra førte til at folk vart mykje meir medvitne problemet med utslepp av plast i naturen. Folk sette i gang med store ryddeaksjonar for å gjere Norskekysten plastfri. Frå å vere eit problem som få tala om, vart plastforureining brått eit tema som også politikarane vart svært opptekne av.
Plastkvalen var i fleire år eit sentralt referansepunkt i kommunikasjonen om problema med plastutslepp i havet. Universitetet i Bergen hadde ikkje tidlegare opplevd maken til medietrykk på ei nyhendesak.
Historia om denne uheldige kvalen var med på å endre korleis vi nordmenn såg på plast, og bidrog til å bevisstgjere oss på det enorme miljøproblemet som plast i havet fører til. Vi kan trygt seie at han vart eit viktig miljøsymbol, og at han difor ikkje døydde heilt fånyttes.
Skjelettet av plastkvalen frå Sotra er i dag utstilt i kvalsalen ved Universitetsmuseet i Bergen.
Filmen om #plastkvalen kan du sjå her >
