1984 Då vossakvannen kom til Muséhagen

– Dag Olav Øvstedal –

Vossakvann er den einaste grønsakplanten som har si opprinning i Norden og fortjener ein markant plass i dei botaniske hagane ved Universitetet i Bergen. I dag vert han mellom anna dyrka i Bergen Botaniske hage på Milde, og både arten og denne stammen har ein spanande historie.

«1984» er velkjend i litterær samanheng – det var namnet på George Orwell sin skræmande framtidsvisjon, men objektet for dette skriftstykket handlar mest om fortida, frå mellomalderen eller enno eldre. Og objektet, vossakvann, høyrer med til dei levande samlingane, som og er ein del av den museale verda.

Kvann har lækjande eigenskapar

Kvann (Angelica archangelica) er ein stor plante som veks på næringsrike stader, mest i fjellskogen. Planten har vore nytta til mat, men også i folkemedisinen. Allereie frå mellomalderen vart mykje kvann eksportert til land lenger sør. Henrik Harpestreng (1144-1214) var kannik i Roskilde i Danmark, og visste mykje om medisinplantar. Han skreiv ei bok kalla «Liber Herbarum», kor mange plantar og deira lækjande eigenskapar vart omtala. Her nemner han at oppmalt kvannerot kokt med honning verka mot hundegalskap. Spesielt var planten god mot pest.

Men planten har vore nytta her i landet lenge før det. Den mest kjende historia finst i Olav Tryggvasons saga, kor kongen ein vårdag kjøpte ein stor stengel av kvann. Denne gav han så til dronninga, som sidan ho kom frå ein anna kultur og ikkje kjende planten eller tradisjonane rundt han, vart sur og avviste gåva.

Vossakvannåker i Bergen Botaniske hage på Milde. Foto: Heidi Lie Andersen, Universitetsmuseet i Bergen.

Ei eiga form av kvann på Voss

I Vossbygdene oppsto det for lenge sidan ei eiga form av kvann, vossakvann ( Angelica archangelica var. maiorum). Det var professor Knut Fægri som gav han dette  namnet. Den eldste teksten om planten har me frå Grønlien (1928). Han hadde ei klår oppfatning om kva som skil forma frå vanleg kvann: den fylte stilken og den mildare smaken, men i tillegg er det mykje anna viktig informasjon i teksten. Han skriv at på slutten av 1800-talet var vossakvann ein sers viktig del av feiringa av brudlaup på Voss. Eit ridande vossabrudlaup var ei komplisert sak, kor fleire av aktørane hadde kvannestanglar i hendene. Spesielt gjaldt dette brura, som måtte ha den største stengelen, «brurakvanni».

 

Ridande brydlaup på Voss. Brudlaupslaget i tunet på Finne, Voss. Foto: Per Braaten. Foto: marcus.uib.no, Universitetsbiblioteket i Bergen.

Innsamling på Voss

Sommaren 1984 reiste eg og far min, som vaks opp på Voss, rundt i Vossabygdene på jakt etter vossakvann. Vi fann han to stader, på gardane Markhusteigen og Elje. Det var berre nokre få plantar der. Eg tok med plantar til Muséhagen og saman med plantar frå garden Tveita frå professor Fægri sin private hage var dette grunnlaget for vossakvannsamlinga i Muséhagen. I dag vert dei dyrka, saman med materiale frå garden Mestad, i den botaniske hagen på Milde.

Om lag samstundes var det fleire andre, både på Voss og andre stader, som byrja å interessera seg for denne planten. På Voss vert han dyrka, og fleire ideelle nyttevekstorganisasjonar har han med på programmet, så planten har ei rimeleg trygg framtid.

Opphav og framtid

Vossakvann er som sagt den einaste grønsakplanten som har si opprinning i Norden og fortjener ein markant plass i dei botaniske hagane ved Universitetet i Bergen. Internasjonal merksemd har han fått, til dømes i Smakens Ark (Fosså 2004). Det er ein katalog over tradisjonelle matprodukt skipa av organisasjonen Slow Food som skal inspirere til ein levande, rettferdig og sunn lokal matkultur.

Innhole stenglar. Får ei samling plantar frø seg sjølve, har mange av avkomet innhole stenglar. Slik har avlinga vår vore frå 2004 til 2015. Foto: Dag Olav Øvstedal, Universitetet i Bergen.

 

Såleis er vossakvann ein del både av vår natur- og kulturarv. Det er likevel eit problem med å ta vare på han: får ei samling plantar frø seg sjølve, har mange av avkomet innhole stenglar. Ein må altså driva ein streng avl på dei om ein skal ta vare på dei viktige eigenskapane. Heldigvis er det noko som skjer fleire stader i dag, så framtida er rimeleg lys.

 

Kjelder:

Fosså, Ove. 2004. Angelica- from Norwegian mountains to the English trifle.- Oxford symposium on Food and Cookery.

Grønlien, N. 1928. Um kvann og kvanngardar.-Vossabygdene 18: 46-49.