– Bjørn Terje Bøe –
Som ein Leviatan frå djupet har ho vore myteomspunnen og ettertrakta. Etter 130 år er brugda i Kvalsalen framleis eitt av museet sine mest karakteristiske blikkfang.
Brugda frå Stolmen
Brugda i Kvalsalen møter sin ende i ei laksenot utanfor Stolmen i Austevoll, 16. juni 1896. I kampen for å kome seg laus viklar ho halefinna fast i notlina, og fiskarane kan berre trekke henne inn. Allereie same haust står ho ferdig utstilt i museet.
130 år og nokre andletsløft seinare kan besøkande framleis nesten ikkje tru at den enorme haien er ekte. Med sitt mørkegrå skinn og veldige gjellegitter liknar ho ein verdig sokneprest med nedstrigla pipekrage. Den opphøgde månefisken (Mola mola) kneisar kanskje over henne, men det finst ikkje tvil om at den som presiderer i katedralen av kvalbein er den verdige brugda (Cetorhinus maximus).
Fangsten og namnet
Brugda har i lange tider vore gjenstand for fangst. Ho filtrerer maten gjennom gjellene og bit difor ikkje på krok. Ho vart heller fanga med harpun. Når ho stig opp frå djupet for å ete plankton i det varmare vatnet nær havoverflata, kan ein driven fiskar sette sitt skjebnesvangre støyt med harpunen.
Den første sikre skildringa av brugdefangst kjem frå Peder Claussøn Friis (1545-1614), i 1613.[1] Faktisk skriv Friis om den enorme haien allereie i 1599. Historisk er det likevel trønderbispen Johan Ernst Gunnerus (1718-1773) som vert assosiert med brugda. I 1765 er Gunnerus den første til å gje ei vitskapeleg skildring av brugda, eller «Biskop Gunnerus’ hai», som ho òg har vore kalla.[2] Gunnerus gir henne først det latinske namnet, Squalus maximus («svær hai»), og seinare det i dag aksepterte namnet, Cetorhinus maximus, etter gresk for «havmonster» (eller kval), ketos, og latinsk for «nase», rhino. Artsnamnet maximus tyder «svær».
Anatomien
Gunnerus gjorde sine studie på anatomiske prøver, observasjon av brugdefangst, og samtalar med fangstfolka i Fjølvika i Trøndelag. Gunnerus’ bidrag til naturvitskapen er udiskutable. Samstundes høyrde han til ei tid der vitskapen og religionen kunne vere noko samanrørde. I ein artikkel i Det Kongelige norske videnskabers selskabs Skrifter i 1768, argumenterer han for korleis brugda kunne ha vore sjølve fisken som slukte profeten Jona i Det gamle testamentet. Det opne gapet til gunnerushaien er i sanning formidabelt, og ved første augekast skulle ein kanskje tru brugda kunne sluke eit heilt menneske. Men der brugda rett nok er større i kjeften enn dei fleste, har den eit forholdsvis lite spiserør. Dette visste sjølvsagt naturfilosofen Gunnerus, og tok høgde for det i si argumentasjon: Det kan naturlegvis ikkje ha vore i magen Jona enda, skriv han. Beviset for det, er at profeten trass alt ikkje blei fordøydd i fiskebuken. I staden har trønderbiskopen ei langt meir logisk løysing: «Jona har haft sit Sted ved, eller imellem, Gellerne», foreslår han.[3]
Christies oljeeventyr
Frå slutten av 1700-talet ligg gevinsten i brugdefangsten i fiskeolja som kan vinnast ut frå den enorme levra til brugda. Haiolja var ringare enn kvalolje, men om lag same kvalitet som selolje. Sjølv om selolja vart rekna for å vere meir eksklusiv, kunne ei gjennomsnittleg stor brugde gje inntil ti tønner tran. Fangsten gav difor god forteneste. I 1790 er nettopp Stolmen utgangspunktet for ei satsing på brugdefangst. Føregangsmannen er kjøpmann på Stolmen og grandonkel til museumsgrunnleggjar W.F.K. Christie, proprietær Henrik Christie (1736-1814). Christie startar med brugdefangst i 1790, og i 1800 aleine vart det fanga heile 31 brugder i distriktet. Både proprietæren sjølv og fangstfolket han engasjerer tener godt på brugdefangsten rundt århundreskiftet. Mot midten av århundredet går derimot brugdebestanden kraftig ned. Sjølv om den tek seg opp att frå 1880-åra, er brugda frå Stolmen den første teken i bergensfarvatna på 42 år.
Eit prestisjeprosjekt
Biskop Gunnerus fekk i 1763 ei utstoppa brugde frå fangstfolkene i Fjølvika. Brugdeskinnet hadde dei sjølv stoppa med lyng og mose.[4] Når preparant Willy Dahl og hans assistent i 1896 stoppar ut brugda frå Stolmen tek arbeidet tre månader. Kostnaden er 1000 kr, over 90 000 kr i dagens valuta. Det er museet sitt til då mest kostbare og omfattande utstoppingsarbeid, og resultatet taler for seg. Den store kostnaden vert i årsmeldinga frå 1896 grunngjeven med ei frykt for at brugda skal døy ut, og at det difor er heilt naudsynt å ta den i vare. Ferdig utstilt i 1896 tel brugda heile 8,39 meter på sokkelen, og er den største utstoppa brugda på noko museum i Norden, truleg i verda.
Korleis ein fekk henne inn i museet i 1896, er det derimot ingen som veit.
Kjelder:
Gunnerus (1768) «J. E. Gunnerus Videre Oplysning om Brugden (a) (Sqvalo maximo) (b) Samt Beviis, at denne, efter al Formodning, har været den Fisk, som opslugede Propheten Jonas.». Skrifter, Det Kongelige norske videnskabers selskab, Vol. 4.
Brunchorst. J. (red.) (1896). «Brygden». Naturen. Populærvitenskapelig tidsskrift, Vol. 20
Grieg, J.A. (1897). «Brygdefangsten». Naturen. Populærvitenskapelig tidsskrift, Vol. 21
Nordgård, O. (1929). «Brugden, Biskop Gunnerus’ hai». Naturen. Populærvitenskapelig tidsskrift, Vol. 53
Went, Arthur E. J. og Ó Súilleabháin, Seán (1966). “Fishing for the Sun-Fish or Basking Shark in Irish Waters”. Proceedings of the Royal Irish Academy: Archaeology, Culture, History, Literature, Vol. 65.
[1] Nordgård 1929, s. 110
[2] Nordgård 1929, s. 107
[3] Gunnerus 1768, s. 33-34
[4] Nordgård 1929, s. 107