1885 Hopperstadkyrkja som aldri kom fram

Over: Skisse av Hopperstad kyrkje før rehabiliteringa. Foto: Riksantikvaren.

 

– Alf Tore Hommedal –

 

Hadde det gått som Anders Lorange ville, den fyrste fagtilsette arkeologen ved Bergens Museum, då hadde museet frå 1885 av hatt Hopperstad stavkyrkje frå Vik i Sogn ståande ved museet som ein del av museets samlingar. Men restaureringsarkitekten Peter Blix ville det annleis. Stavkyrkja står framleis på sin originale stad ved Hopperstadtunet i Vik i Sogn.

 

Hopperstad kyrkje før rehabiliteringa. Foto: Riksantikvaren.

Dei to hovudaktørane i dramaet «Hopperstad stavkyrkjes flytting»

Både Anders Lund Lorange (1847 – 1888) og Peter Andreas Blix (1831 – 1901) ville nok det beste for Hopperstad stavkyrkje. Begge var aktive i Fortidsminneforeininga sin avdeling i Bergen, som Blix også hadde vore med på å stifta i 1871 og var den fyrste formannen for. I kampåra sat derimot Lorange som formann og bar dermed to «hattar»: Han var fagtilsett ved Bergens Museum som han freista å få Hoppestadkyrkja til, og han var avdelingsformann i Fortidsminneforeininga som hadde kjøpt Hopperstadkyrkja i 1880, men då med klausul at ho skulle bli ståande i Vik.

Kampen mellom dei to kulturminnearbeidarane kom i åra 1882 – 1885 dels til å stå i avisoppslag og lobbyverksemd innafor og utanfor Fortidsminneforeininga, og dels i lobbyreiser til Vik for å få kommunestyret til å oppheve eller halde fast ved klausulen om at kyrkja skulle stå i bygda. Lorang fekk på same tid flytta Fortun stavkyrkje i Sogn til svigerfamiliens sommarresidens på Fantoft ved Bergen. Blix hadde i 1880 kjøpt steinkyrkja på Hove i Vik privat for å redda henne frå riving. No sette han alt inn på også å redda stavkyrkja for bygda.

 

Kyrkjebygda Vik og opphevinga av ein klausul

Vik hadde i mellomalderen tre kyrkjer, Hopperstad, Hove og Tenold. Men på 1800-talet stod berre steinkyrkja frå ca. 1170 på Hove og stavkyrkja frå ca. 1130 på Hoppestad att. Då bygda i 1877 hadde fått ny kyrkje, og dei to eldre kyrkjesokna vart slått saman, var der ikkje lenger bruk for mellomalderkyrkjene, som også sårt trengte til kostbart vedlikehald. Løysinga for kommunen vart å selja. Dette var før ei kulturminnelov verna slike mellomalderbygg. Faren var difor stor for at kyrkjene ville bli rivne.

Fortidsminneforeininga skaffa midlar til å kjøpa den originale mellomalderkjernen av Hopperstadkyrkja medan tømmertilbygga frå etterreformatorisk tid vart rivne. Fortidsminneforeininga hadde derimot ikkje råd til også å kjøpa steinkyrkja på Hove. Blix, som arbeidde med restaureringa av Håkonshallen i Bergen, fekk til restaureringa tilbod om kleberstein frå ei kyrkje som skulle rivast i Sogn. Han kom raskt til at dette måtte vera mellomalderkyrkja på Hove og handla resolutt: Han kjøpte sjølv steinkyrkja i 1880 og restaurerte henne 1881 – 1888 for eigne midlar. Dermed var Blix ofte i Vik og kunne stendig vera talsmann for at klausulen om stavkyrkjas lokalisering stod ved lag.

Lorange måtte også til Vik for å overtyde kommunestyret om det motsette – at klausulen måtte opphevast. Når jarnalderarkeologen Lorange la undersøkinga av tre store gravhaugar på Hove til 1882, berre nokre hundre meter frå der Blix restaurerte si private mellomalderkyrkje, var dette utvilsamt for å kunna bearbeida kommunestyret og lokalsamfunnet i Vik til å tillata ei flytting av stavkyrkja til Bergen.

Lorange fylgde same hausten opp ved å koma til Vik då opphevinga av klausul skulle handsamast 2. november. Han argumenterte ut frå økonomi, at det ikkje var midlar til ei restaurering i Vik, medan midlar kunne skaffast om kyrkja stod nær museet i Bergen. Bergenavdelingas formann og museets talsmann må ha vore overtydande i sin argumentasjon, for klausulen vart oppheva. Alt låg til rettes for at Bergens Museum skulle få si stavkyrkje!

 

 

Den restaurerte Hopperstad kirke slik ho står i dag. Foto: Wikipedia, CC-PD-Mark 1.0

 

«Jeg forandrede da Kampplads og Kampmaade»

Men for Peter Blix var slaget slett ikkje tapt. Når han heller ikkje nådde fram mot slik «intenderet Vandalisme» ved eit turbulent årsmøte i Fortidsminneforeiningas Bergen-avdeling i februar 1883, la han om taktikken og gjekk direkte til Fortidsminneforeiningas sentralleiing i Kristiania. Samtidig lobbyerte han inn mot finansieringskjeldene som Lorange hadde rekna med midlar frå. Her var det Blix som var heldig med lobbyeringa, for avslaget på Bergen-avdelingas søknad om midlar til ei restaurering i Bergen kom. Samtidig la Blix resolutt «500 blanke Kroner» av eigne pengar i potten for ei restaurering i Vik. Då vart det til at Fortidsminneforeiningas hovudstyre vedtok at Hopperstadkyrkja skulle stå i Vik. Slik overkøyrde dei målsettinga til Bergen-avdelinga. Ein slagen Lorange måtte i januar 1885 innsjå nederlaget, medan ein sigrande Blix kunne setje i gang restaureringsarbeidet i Vik i perioden 1885-1891.

 

Eit tap for Bergens Museum?

Lorange hadde tydelegvis plassert Hopperstadkyrkja inn i eit tenkt «friluftsmuseum» saman med andre kulturminne og bygningar som då var sette opp der den botaniske Muséhagen no ligg, ved det eldste museumsbygget på Muséplassen 3 på Nygårdshøyden. Lorange si meining må såleis ha vore å «innlemma» Hopperstadkyrkja i museumssamlingane, i motsetnad til Blix sin tanken om å ta vare på kyrkja i det opphavlege miljøet hennar. Ut frå vernetankar i vår eiga tid må vi seie oss glade for at Hopperstad stavkyrkje framleis står i Vik og inngår i sitt originale kulturlandskap. Hadde Hopperstadkyrkja stått i Muséhagen, kanskje plassert på høgda der veksthuset no står, ville det venteleg også ha vore verre å gjennomføra planane som tre år seinare, i 1888, første gong vart fremja om ein botanisk hage på staden. I så fall hadde Universitetsmuseet i Bergen gått glipp av ei botanisk perle, medan Vik no rettmessig har fått behalde si eiga stavkyrkje-perle.

 

Kjelder

Alf Tore Hommedal, 2017: Ei stavkyrkje ved Bergens Museum? – om flytteplanane for Hopperstad stavkyrkje. I: Årbok for Universitetsmuseet i Bergen 2017. Bergen: Universitetet i Bergen. S. 33-42.