1835 Ei flik av verdshistoria

– Knut Olav Aslaksen – 

I tekstilmagasinet til Universitetsmuseet ligg det eit stykke bomullstøy – ein applikasjon i blått, rødt, grønt og kvitt mønster. Den  er 119 cm lang og 44 cm brei. Kvifor ligg den der, kor kjem den frå og kva historie skjuler seg mellom dei fargerike tekstilfibrane?

 

Eit prakttelt frå slagmarka

I protokollen etter direksjonen ved Bergens Museum datert 24. august 1835 står det at tøystykket er «skjænket» til museet av målaren J.C. Dahl i Dresden. Det skal vera  del av eit prakttelt som har tilhøyrt Kara Mustafa. Kva grunnen var til at Dahl fanga interesse for det vakre  tøystykke, for å gje det til eit museum han hadde så nært forhold til, veit vi ikkje sikkert. Kanskje hadde han estetiske grunnar til å sikra seg eit «Stykke af et ægte tyrkisk Pragttelt». For det kan ikkje vera tvil om at det er flott å sjå på, og at det er eit fint stykke handarbeid  verd å ta vare på.

 

Kara Mustafa Pasha frå kring 1696 av ukjend målar. Måleriet heng i dag i Wien Museum. Foto: Offentleg eigedom.

Den store tyrkiske krig

Men så var det denne Kara Mustafa då. Kor kjem han inn i bilete? Protokollen og brevsamlinga ved museet har heldigvis anna informasjon som gjev oss eit spor. Kara Mustafa skal ha brukt teltet, som tøystykker skal vera del av, i samband med «Wiens Beleiring 1683» under konflikten mellom Det Osmanske Rike og Den Heilage Liga.  Med denne opplysninga flyttar perspektivet seg raskt frå den estetiske opplevinga av den vakre tekstilen, til ei av dei mest sentrale hendingane i Europa si historie, kringsetjinga av Wien i 1683 under Den store Tyrkiske krig i siste del av 1600-åra. Kara Mustafa var ingen ringarane enn storvesiren som leia dei osmanske tyrkarane som kringsette Wien i 2 månader frå 14. juli til 12. september 1683. Med seg hadde dei ein hærstyrke på rundt 150.000 soldatar og 300 kanoner.

 

The Relief Battle of Vienna av Frans Geffels, Wien Museum.

Eit krigsbytte

Dahl hadde altså sikra museet ikkje berre eit vakkert fragment av eit tyrkisk prakttelt, men òg eit krigsbyte. Det var nærast som ei relikvie å rekne etter den langvarige striden mellom det osmanske rike og landa i Sentral- og Aust-Europa, og mellom kristendom og islam. Då osmanane flykta frå Wien etter nederlaget, stod det att ein stor teltleir rundt byen, som vart plyndra av soldatar og sivile. Det seiast at teltet til storvesiren Kara Mustafa vart med sigerherren, Kong Jan III Sobieski til Polen. Sidan flytta etterfølgjaren August den sterke, det verdfulle krigsbytet til  Rüstkammeret i Dresden. Teltet skal sidan ha blitt skåre sunn og nytta til å dekorera ei kvelving i  barokkanlegget Zwinger. «..jeg sender derfor et  Støkke af affaldet til museet – jeg fikk det selv», skriv Dahl til Christie i brev 12. juni 1835.

 

 

Kva tankar Dahl gjorde seg om tekstilen kjenner vi sjølvsagt ikkje, men at han sikra seg den vakre tekstilen og gav den vidare til museet, gir oss gode grunnar til å reflektera over det etnografiske objektet og kva tyding det hadde for Dahl og for museet i 1835, og kva det kan fortelja oss i dag?