– Svein Indrelid –
I slutten av 1960-åra tok professor Anders Hagen ved dåverande Historisk museum initiativ til eit tverrfagleg prosjekt for å granska kultur- og naturhistoria til Hardangervidda. I samband med kraftutbygging var det utarbeidt reguleringsplanar for eit par av dei største vassdraga på Vidda. Ved utbygginga ville store landområde verta neddemde og føra til skade av ukjent omfang for kulturhistoriske og naturhistoriske verdiar.
Ut frå røynsler som svenske forskarar hadde hausta med tverrvitskaplege granskingar ved vassdragsutbyggingar i Norrland, vart det utarbeidt plan for eit femårig prosjekt med ni stipendiatar frå sju ulike fagfelt: Arkeologi, etnologi, kvartærgeologi, vegetasjonshistorie, osteologi, zoologi og stadnamngransking. Seks av dei ni stipendiatane var knytte til det som i dag er Universitetsmuseet i Bergen.
Dette var det første prosjektet der 14C-datering vart teke i bruk i større omfang, men kalibrering av dateringane, der målte radiocarbonår vert omrekna til kalenderår, var enno ikkje kome i stand. Dateringane nedanfor syner reell alder.
Dei geologiske granskingane synte at dei siste restane av innlandsisen på Hardangervidda smelta ned for kring 10.000 år sidan. Eit halvt tusenår seinare var furuskog i ferd med å strekkja seg innover i fjelldalane, og for mellom 9000 og 8500 år sidan vaks det furu på Hardangervidda, heilt opp mot 1200 meters høgd. På same tid heldt fangstfolk til på nord-Vidda og veida rein.
Etter kvart som samarbeidet på tvert av faggrensene tok til å fungera, kom det stadig fram ny kunnskap. Ved hjelp av pollenanalyse kunne vegetasjonshistorikaren syna at det var spor etter beitande tamfé ved Nordmannslågen for 5500 år sidan, og arkeologen vart styrkt i trua på at leirkar-brota han hadde funnet på ein buplass der verkeleg stamma frå den tidlegaste jordbrukskulturen i landet. Osteologen kunne konstatera at ørsmå beinfragment på to 6-7000-år gamle buplassar var av aure, og at det truleg var fisk i dei store vassdraga på sentral-Vidda alt i steinalderen.
Etnologen studerte fangstbuer og fangstinnretningar, og i skjæringsfeltet mellom etnologi, arkeologi og osteologi vart det funnet prov for drivfangst i mellomalderen av eit omfang som ingen hadde kunna tenkja seg. I avfallsdyngjene ved fangstbuene låg bein av meir enn tusen reinsdyr. Zoologen samanlikna kjønnsfordelinga av bein frå avfallsdyngjene med utbreiinga av villrein i dag til ulike årstider, og kunne syna at det har funne stad store endringar i trekkmønsteret til hardangerviddereinen gjennom tidene. Og stadnamngranskaren fann at sume namn på særmerkte landskapsformer som nutar eller innsjøar, elvar og fossar, kan ha eit opphav som strekkjer seg meir enn to tusen år attover i tid. Andre namn er knytte til fangst eller jernutvinning, men dei fleste er komne til i samband med bruk og verksemd i fjellet i dei seinaste hundreåra.
Dei ni stipendiatane publiserte ei mengd vitskaplege og populærvitskaplege artiklar i norske og internasjonale tidsskrift, det vart gjeve ut bøker, og det vart skreve hovudfagsoppgåver, magistergradsavhandlingar og doktoravhandlingar. Eit statleg utval utarbeidde ein bruksplan for Hardangervidda. HTK-prosjektet fekk her ansvar for å greia ut hovuddraga i det ein no visste om kultur- og naturhistoria til Vidda og peika på særleg verneverdige område. Prosjektet må kunna seiast å ha litt av æra for at dei opphavlege reguleringsplanane vart forkasta, og at nasjonalparken Hardangervidda med tilstøytane landskapsvernområde vart ein realitet.