Over: Spekkhoggere. Illustrasjon: Henrich Bucher jr. i Bergens Museums Skrifter Bd.V.
– Knut Olav Aslaksen –
Bergens Museum sin grunnleggar Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849) vart tidleg interessert i kvalen si utvikling og levesett. Frå 1834 samla han kvalfoster og skjelett til museet. Det var ei samlingsverksemd som skulle bli særleg viktig for utviklinga av museet.
I 1844 gjorde Christie den første kjente oppmålinga av ein kval i Noreg, og samstundes undersøkte han ulike snyltarar som levde på kvalen sine organ. Tilgangen på materiale var rikeleg frå den lokale fangsten i områda rundt byen, særleg frå Skogsvåg, Telavåg og Bildøy på Sotra. Christie samarbeida mellom anna med den internasjonalt kjende kvalforskaren og zoologen, professor Daniel Frederik Enschricht (1798-1863) i København, som i Undersøkelse over Hvaldyrene (1844) syner til Christie sine opplysningar og takkar han som ein særs viktig informant.
I Christie sin Catalog over Bergens Museums Sheletter, (ca 1844) som er stilt ut i Kvalsalen på Universitetsmuseet Naturhistorie, finn vi nedteikna følgjande skjelett: kvitfiskskjelett: kvitfisk frå Grønland (gåve frå professor Enschricht), grindkval frå Telavåg, kvitskjeving frå Skogsvåg, nise og vågekval frå Bergens Stift. I tillegg er ført opp kraniet av ein nebbkval frå Kristiansund og tann av narkval/enhjørning frå Nordhordland og frå Grønland. Dette var starten på den systematiske samlinga av nord-atlantiske kvalskjelett ved Universitetsmuseet i Bergen.
Christie skriv at pattedyrskjeletta ved museet anten er gjevne som gåver, kjøpt eller byta med andre museum. Desse tre innsamlingsmetodane finn ein att i alle seinare opplysningar om utviding av dei etterkvart omfattande samlingane ved museet. Kvalskjeletta vart etterkvart viktige som bytemiddel og hard valuta for eit ambisiøst museum med konstant dårleg økonomi.
Det var dessutan kvalen som fastsette volumet, utforminga og takhøgda i den nye museumsbygningen på Nygårdshøgda. Då den internasjonale fiskeriutstillinga opna dørene 7. august 1865 hang det heile 8 kvalskjelet under det 6 meter høge taket i 2. høgda av den nye bygningen. Mellom anna ein vågekval på 25, 5 fot (8 meter) frå Skogsvåg, ein seikval på 56 fot (17,5 meter) frå Brandasund, ein finnkval frå Lofoten, ein spekkhoggar, ein kvitfisk og ein narkval.
Utstillingssamlinga auker
I 1875 kunne museet syna fram skjelett av vågekval, finnkval, seikval, spekkhoggar, grindkval, nebbkval, kvitskjelving, kvitkval og nise. Det ikoniske skjelettet av ein blåkval, verdas største pattedyr, kom på plass like etter. Det vart fangsta utanfor Vardø, og kjøpt for 600 kroner av museet sin preses D.C. Danielsen (1815-1894). Danielsen var deltakar på Nordhavsekspedisjonen med DS Vøringen og skjelettet av blåkvalen vart kjøpt då ekspedisjonen vitja byen sommaren 1878.
I åra fram mot hundreårsskiftet vart den systematiske samlinga stadig utvida med nye arter; kaskelott, spisskval, narkval, kvitnos, knølkval og nordkaper. I dag heng det 17 skjelett i taket av kvalsalen, som er av dei eldste og største utstillingane av kvalskjelett i verda. Kvalsalen er ikkje berre ein tidskapsel som har stått nærast urørd i 160 år, men ein viktig markør og symbol på utviklinga av museet.