– Kari Klæboe Årrestad –
Mumiane i samlingane våre omfattar mellom anna to menneske; ei kvinne og ein mann, og to dyr; ei katt og ein krokodille. Dei er alle frå det gamle Egypt. Ingen av desse hadde nokon gong vore granske nærmare. Då det bøy seg ein moglegheit til dette i 2009 slo vi til – vi ville nytte teknologien til å kikke inn i dei utan å opne dei. Det var ein spanande oppleving.
Kvinna
Kvinna Teshemmin viste seg å ha ein svært dårleg fot, berre ein enkelt tatt i munnen og ho var både gamal og krokete. Etter døden vart ho balsamert og skanninga viser merke på hovudet hennar som tyder på at ho har hatt ei maske foran ansiktet. Vi trur at denne har vorte riven av, kanskje av røvarar. Vi fann også perler og ein tunika i kista som tyder på at det har vore romstert i kista.
Mannen
Den andre mumien er ein yngre mann. Her lurte vi lenge på kva som hadde skjedd med hovudet hans. CT-skanninga syner at han har noko hardt som sit tett fast kring skallen som ein kalott av leire til dømes. På eit gamalt røntgenbilete ser det ut som han har ein ring eller noko anna metall nede ved det ein låret men skanninga viste at dette berre var ein nagle i kista.
Krokodillen
Dei to dyra vi har hatt i utstillinga vår er ein katt og ein krokodille. Vi var usikker på om vi ville finne skjelett inne i mumiane, eller om vi var blitt lurte slik andre museum har fortalt om. Men det viste seg at det var skjelett inne i båe.
Ein kattunge
Den siste mumien var ei lita katt. Den var intakt med alle lemmer bevarte. Mumien er også utforma som ei katt med tekstil som former øyrer.
Kjelder
mumieweb.uib.no: https://um.uib.no/nettutstillinger/mumie/index.html