– Nils Georg Brekke –
Ideen om ei kulturhistorisk vegbok kom opp som ei naturleg oppfølging av mitt mangeårige abonnement på NAF si veibok. Tanken om å utdjupa kunnskapen om landskapet førte i første omgang til at ei rekke fagmiljø ved Universitetet i Bergen vart sentrale leverandørar av kunnskapsstoff innanfor sine fagfelt. Dette stoffet måtte liggja på eit fagleg kvalitetsnivå som «ein doktorgrad utan fotnotar» – folkeopplysninga sin store tanke – til glede for eit allment publikum, i eit lettlest og velillustrert format. Boka har vorte svært populær og er no ei viktig kjelde til stoff for mange.

Kunnskap om landskap og folka der
Perspektivet på landskapet vart introdusert gjennom dei innleiande artiklane i boka. Dei mange forskingsmiljøa i Bergen bidrog med kunnskapsstoff frå ulike pågåande prosjekt. Særleg var dette tilfelle med berggrunnsgeologien og arkeologien, som i 1950-åra hadde ei rivande utvikling. Desse artiklane vart opninga til eit kunnskapsstoff som for dei fleste lesarar gav heilt ny innsikt i kunnskapen om landskapet.
Geologen Johan Naterstad – ein av Norges fremste berggrunnsgeologar – har på glimrande vis opna innsynet i det å forstå det landskapet vi ser, når vi står ved ei bergskjering som fortel om dei mange lagdelingane og forkastingane gjennom millionar av år – berre som ein augneblink å rekna i den lange jordhistoria!
Og når vi kjem opp på den sentrale Hardangervidda, kan vi sjå den merkelege formasjonen Hårteigen stå att som ein stabbe i synsranda – ein dokumentasjon, bokstaveleg tala, av den lange prosessen som skaper det landskapet vi ser i dag. Då får vi den rette forståinga av det kultiverte landskapet – ei ramme kring hus og heim gjennom mange tusen år.
Ein liten smakebit frå boka
Den innleiande artikkelen til Johan Naterstad om «Landskapet» har ein ingress som summerer opp denne utviklinga på ein ypperleg måte:
«Har du på veg austover passert Fossli, der Vøringsfossen stuper ned i istidsgjelet, så vil du litt lengre framme i Sysendalen sjå rett på Grytehorgi. Som ei bein linje i fjellveggen der går det eit tydeleg fargeskifte: lyst nede og mørkt over. Det du ser, er grense-flata mellom lys grunnfjellsgranitt og yngre, svart skifer; ein makelaus illu-strasjon i den geologiske sogeboka. Går du opp på ei av høgdene sør for riksvegen, og får utsyn sørover det frodige landskapet på skifergrunnen, vil du snart sjå Hårteigen stiga opp som ein stabbe over synsranda. Toppkalotten er ein liten rest av overskuva fjell som ein gong dekte heile vidda og størstedelen av Hordaland. Slik opnar geologien augo våre for det som har forma landskapet og skapt grunnlag for kulturane. I reinvaska berg langs strendene eller på isskura sva i høgfjellet er det lett å oppdaga og undra seg over mangfaldet i materialar, fargar og strukturar, Men det vi ser, har ei soge å fortelja om ein viktig del av naturgrunnlaget. Det tok milliardar av år for dei geologiske proses-sane å sveisa i hop den faste berggrunnen. Så tok det hundretals millionar år å forma dei store draga i landskapet av dette fundamentet. Den siste finpussen av landskapet og påstrøinga av grus og jord til å dyrka gras og korn i – ja, det tok ikkje meir 10-12000 år – berre som ein augneblink å rekna i den lange jord-historia.»
Kulturminna og -landskapet
Artikkelen om kulturminne og kulturlandskap fører oss heilt fram til den utviklinga som kulminerer med klyngetuna etter mellomalderen og dei store utskiftingane i jordbrukslandskapet kring midten av 1800-talet. Men det er vår tids arealkrevjande transportformer og privatbilismen som endrar dette landskapet heilt.

Dei brattlendte skråningane kring Havråtunet på Osterøy kunne få oss til å tru at dette er ein skrinn og tungdriven gard med dårleg avkastning. Men ikkje noko vil vera meir feil. Dette er i vår tids motoriserte perspektiv. Spadens og ljåens landskap – heilt sidan tidleg jernalder, viser oss derimot det grøderike landskapet i solvende bakkar og bøar.
Og dersom ingen hadde gripe inn, ville det i dag ha vore ein tilførselsveg nedover bøane framfor Finnesloftet på Voss – Europas fremste profane stavbygg. Det ville ha vore ein nasjonal skandale av internasjonal dimensjon. Som kulturminneansvarleg i Hordafylket vart det mi oppgåve å fremja mellombels freding av dette landskapet.

Slik vart den kulturhistoriske vegboka både ein kunnskapsbase for planleggjarane i Statens Vegvesen og eit innhaldsrikt oppslagsverk for oppdagingsferda i landskapet. Gjennom heile boka bind dei mange rammeartiklane stoffet saman og forklarar dei store samanhengane og dei lange linjene i den historiske utviklinga.
Vi oppdagar landskapet på ein ny måte og får kunnskapar vi ikkje eingong visste om. Men som NAFs vegbok held den kulturhistoriske boka seg til det vegnettet vi kjenner i vår tid. Det er lett å finna fram og oppdaga i dei historiske samanhengane. Gjennom dette blir boka den gode vegvisaren vår på oppdagingsferda i landskapet.