– Knut Olav Aslaksen –
Stavkyrkja på Ornes i Luster i Sogn er den eldste i landet, frå første halvdel av 1100-talet. Portalen i nordfasaden er endå eldre, frå siste halvdel av 1000-talet og frå ei tidlegare kyrkje på staden. I 1979 vart kyrkja skriven inn på UNESCO si verdsarvliste.

Ein eigen stilart – Urnesstilen
Kyrkja på Ornes fekk tidleg særleg merksemd grunna den særeigne treskurden og ornamentikken på nord portalen og i gavlane. I årboka til Fortidsminneforeininga i 1909 skriv arkeologen Haakon Shetelig (1877-1955) ved Bergens Museum, om Urnesstilen og ornamentikken på kyrkja under tittelen «Urnes-gruppen det sidste avsnit av vikingtidens stilutvikling».

Den særeigne Urnesstilen vart skildra slik av Shetelig:
«Den stil det her gjælder, opererer udelukkende med firføttete dyr, altid set ret fra siden, og baandformede slanger. Av planteformer findes bare et lite trefliket blad som avslutter de frie ender av smaa baand. Dyrekroppene er trukket uforholdsmæssig ud i længden, bøiet og sammeenslynget til fordel for mønstret, hvis virkning fuldstændig overholdt. Skjønt bygget paa motiver som vikingtidens stil, har Urnes-dekorationen et friere præg; den har avlagt en del av de trange baand som hviler over de ældre nordiske stilgrupper. De spirer til en friere dekoration som tildels kan spores tidligere, er her fuldt utviklet.»
Haakon Shetelig, 1909.
Avstøyping
Shetelig vart tidleg fascinert av utskjeringane på Ornes. I 1907 fekk han museet sin preparant William Dahl (1864-1931) til å laga avstøypingar i gips av portalen. Eitt sett avstøypingar vart stilt ut i museet i Bergen, medan kopiar vart selde til museum i utlandet. Slik promoterte Shetelig både Urnesstilen, norsk vikingstidskunst og den «nye» nasjonen Noreg internasjonalt. Shetelig sin motivasjon for å laga kopiane kom fram i eit brev av 18. juni 1907 til direktøren for «Victoria and Albert»-museet i London «Our reason for making the cast is to preserve this valuable document, if the original by any accident should be lost.»

Då arkitektane Kristian Bjerknes og Kåre Frølich tok til med restaureringsarbeid på stavkyrkja på Urnes sommaren 1956 var òg arkeolog Håkon Christie (1922-2010) og Bergens Museum sin preparant Olav Espevoll (1887-1977) på plass. Christie var med for å grava i grunnen og Espevoll for å ta avstøypingar av ornamentikken på austgavlen og nordportalen. Det bygningsarkeologiske arbeidet påviste restar av ei tidlegare kyrkje på staden som urnesportalen og gavlane må ha vore del av.
Espevoll sine avstøypingar var ei vidareføring av sikringsarbeidet som Shetelig hadde starta. Det aktuelle bakteppe nå var den katastrofale brannen på Bryggen i Bergen 4. juli året før, då umisselege verdiar gjekk tapt. Det ser ut til at planen var å skjera kopiar av portalen med dør, vangar og overstykke, dei to veggtilene og hjørnestolpen på nord fasaden, dessutan den store kalvariegruppa (Kristus på krossen med Maria og Johannes) som heng inne i kyrkja. Gipsavstøypinga av Urnesportalen frå 1907 var imponerande nok, men eit nokså unøyaktig tidsbilete av ein treskurd full av størkna, rennande tjære. Dessutan var det ikkje eit fullgodt sikringsobjekt ettersom gips forvitrar.

En trekopi av Urnesportalen vert laga
Olav Espevoll var berre 23 år då han vart tilsett som preparant ved Bergens Museum i 1910. Trass sine unge år var han alt utdanna både treskjerar og snikkar då han møtte opp til sin første arbeidsdag på museet. Her møtte han sin framtidige kollega, preparant William Dahl som hadde arbeid ved museet sidan året då Espevoll vart fødd, og som laga gipskopiane av portalen for Shetelig i 1907.

Arbeide med å skjera ein trekopi av Urnesportalen starta i februar 1957, då hadde Espevoll nett runda 70 år. Døra vart henta til Bergen og kopiert i verkstaden på Historisk museum, overstykke og vangar vart lage «etter nøyaktige studier av originalen med korrektur på stedet» som det står i fortidsminnesmerkeforeininga si årsmelding. Om delar har vore frakta til Ornes og arbeidd der, eller om det med korrektur er meint kontrollmåling på staden veit vi ikkje. Vi veit i alle fall at det i 1956 vart sett opp stillas slik at Espevoll kunne ta avstøyping av portalen og austgavlen.

Primusmotor var Johs. Bøe
Primusmotor for arbeidet med å skjera ein trekopi av Urnesportalen og ta gipsavstøyping av austgavlen, var Shetelig sin etterfølgjar som styrar ved Historisk museum, professor Johs. Bøe. I eit intervju med Bergens Tidende grunngav han treskjerararbeidet slik:
«Som allerede antydet er Urnesportalen noe helt usedvanlig som for enhver pris må bevares for fremtiden. De gipsavstøpningene vi har er naturlig nok ikke tilfredstillende. Dersom det verste skulle hende, at Urneskirken av en eller annen grunn skulle bli ødelagt – så vet vi i hvert fall at vi nå har en meget god erstatning under betryggende forhold.»
Espevoll sin kopi av Urnesportalen og avstøyping av austgavlen på 1950-tallet dokumenterte og sikra viktig informasjon om den særeigne Urnesstilen. Det praktfulle treskjerararbeidet gjort av «meisteren frå Haus» er tidlegare berre vist på utstillingar om norsk vikingtidskunst i utlandet; i Edinburgh, London, Kiel, New York, Minneapolis og Stockholm. Først i samband med Landslovsutstillinga i Bergen i 2024 vart den gjenskapte Urnesportalen vist fram i Noreg.
