1939 Johs. Bøe og Hardangervidda

– Svein Indrelid –

På Sumtangen ved Finnsbergvatn, nokre kilometer søraust for Hardangerjøkulen, ligg ruinar av to store steinbuer med overgrodde dyngjer av reinsdyrbein på utsida. Desse gåtefulle kulturminna hadde sidan tidleg på 1800-talet vore til hovudbry både for lekfolk og forskarar.

 

Sumtangen med to av dei tre buene. Foto: Svein Indrelid, Universitetsmuseet i Bergen.

Var det eit ukjent «urfolk» eller bønder frå Hardanger som hadde bygt buene og drive reinsdyrjakt på Sumtangen? I 1939 gjekk konservator Johannes Bøe i gang med utgraving ved buene, og etter hundre år med teoriar og spekulasjonar vart det han som løyste gåta.

«Urfolket»

I 1838 fekk grunnleggjaren av Det Bergenske Museum, W. F. K. Christie, høyra om steinbuene og beindyngjene ved Finnsbergvatnet. På den tid var det vanleg oppfatning at dei første innbyggjarane i landet, sjølve «urfolket», var «finnar» eller «lappar», men overtydande prov for teorien var ikkje funne.

Etter det som vart fortalt måtte buene ved Finnsbergvatn vera eldgamle. Avfallsdyngjer med reinsdyrbein kunne tyda på at det verkeleg var «finnar» som hadde halde til her. Christie fekk ein slektning, Wilhelm Koren, til å dra opp på Hardangervidda for å granska dette nærare. Koren grov litt i avfallsdyngjene og tok med seg noko av det han fann attende til museumsmannen.

Her var provet! Christie skreiv ein stutt artikkel i tidsskriftet «Urda» med tittelen Spoer af finske eller lappiske Folks Ophold i Oldtiden paa Høifjeldene i Bergens Stift som ei førebels melding, men den varsla hovudartikkelen, med opplysningar om funna, kom aldri. Og då ein autoritet som historikaren P.A. Munch utan vidare godtok tolkinga hans, vart også dei fleste som forstod seg på slikt overtydde om at «urfolket» hadde halde til på Hardangervidda.

Sumtangen frå fly ein ettermiddag. Foto: Morten Ramstad, Universitetsmuseet i Bergen.

Tru og tvil

Den einaste som protesterte var antikvar Nicolaysen. Mellom funna til Koren var også nokre saker av jern. Dei første som budde i landet var eit steinalderfolk. Dei hadde ikkje kjennskap til jern. Difor kunne det ikkje vera «urfolket» som hadde halde til på Sumtangen. Etter hans syn måtte det vara reinsdyrjegrar frå Hardanger som hadde bygt steinbuene. Så langt attover som folk visste hadde det gått eit reinstrekk ved Finnsbergvatnet. Dyr som kom nordfrå sumde over sundet til tangen og trekte vidare mot sør.

I 1890 hadde skulestyrar Bendix Bendixen vore i Ulvik på oppdrag frå muséet. I Osa fekk han kjøpt nokre oldsaker, mellom dei eit par pilespissar av skifer som var funne på Sumtangen og som utan tvil var frå steinalderen. Med det starta ein ny diskusjon mellom dei lærde: «Urfolk» eller bygdefolk?

I 1909 fann styraren av den historisk-antikvariske avdelinga ved muséet, Haakon Shetelig, tida inne til å få «urfolk»-spørsmålet avgjort ein gong for alle og fekk infanterikaptein Hjalmar Negaard til å organisera ein større ekspedisjon på Hardangervidda. Kapteinen oppdaga liknande steinbu-ruinar og beindyngjer fleire stader og fann ting både frå jernalder og steinalder i dei. Hans konklusjon var at buene var bygde av eit fastbuande steinalderfolk. Jernsakene måtte stamma frå andre, frå ei langt seinare tid. Men Shetelig var i tvil. Ingen annan stad i landet var det påvist slike store bygningar på steinalderbuplassane. «Hardangerviddens gåde er ennu fullkommen uløst» skreiv han i 1922.

 

Johs. Bøe med mannskap og hestekløv på Hardangervidda. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

Utgravingane til Johannes Bøe 1939-40

I 1939 byrja Johannes Bøe nye utgravingar på Sumtangen. Han delte utgravingsfeltet sitt inn i kvadratmeterruter og grov kvar av dei i fleire lag. Slik kunne han få betre kontroll med funntilhøva enn ved tidlegare gravingar, og han kunne slå fast at steinbuene var eit resultat av fleire ombyggingar. Brotstykke av leirkar kunne tyda på dei kunne daterast attende til  500-talet, men bygningane slik dei no såg ut, var mest truleg frå tidleg mellomalder.

Beindyngjene kunne han ikkje datera. Han meinte dei måtte vera «fra forholdsvis ny tid». Under beindyngjene fann han to kulturlag frå steinalderen. Botnlaget daterte han til eldre steinalder. Så tidleg busetnad i høgfjellet var den tid heilt ukjent, og det var ikkje alle som trudde på han.

Etter to feltsesongar kunne Bøe skissera utviklinga på Sumtangen slik: Steinalderfolk hadde halde til på Sumtangen fleire gonger og late etter seg avfall og øydelage reidskap. Funna var av same slag som på steinalderbuplassane på kysten og hadde ingenting med noko ukjent «urfolk» å gjera: «Det er kystens stenalder vi finner også på Vidda». Nokre tusen år seinare vart steinbuene bygde, av folk frå Hardanger. Med det var «urfolk»-teorien avliva for godt.

 

Vest- og Austbu på Sumtangen. Foto: Morten Ramstad, Universitetsmuseet i Bergen.

Nyare granskingar

Ved dei tverrfaglege granskingane i Hardangerviddaprosjektet (HTK) i 1970-åra vart det gjort 14C-dateringar av materiale frå Sumtangen. Beina synte seg å vera frå høgmellomalderen, i hovudsak frå før svartedauden 1350. Dateringane av kulturlaga stadfeste det som Bøe hadde kome fram til 30 år tidlegare, det eine var frå yngre og det andre frå eldre steinalder, det yngste mellom 4500 og 5000 år, det eldste kring 6000.

På denne kniven funnen i Austbu og laga av eit ribbein frå eit reinsdyr, står namnet på eigaren, Amunta. Foto: Svein Skare, Universitetsmuseet i Bergen.

I 2004-2006 var det gjort nye utgravingar ved steinbuene. Dei synte at beindyngjene inneheldt bein av fleire tusen dyr, truleg leivningar etter ein årviss storfangst, mesteparten frå  tidsromet 1240-1290. Fangsten må ha vore organisert av kapitalsterke stormenn, kanskje frå Bergen, truleg med løyve frå kongen, men dei som dreiv fangsten, må ha vore lokalkjende jegarar frå bygdene kring Vidda.

 

1: «Austbu», 2: «Vestbu», 3: «Sørbu», 4: «Vestligste bu», 5: Buplassområde frå eldre steinalder, 6: Tuft etter grophus med torv-vegger, 7: Hustuft frå steinalderen, 8: Hustuft frå yngre steinalder, 9: Hustuft frå bronsealderen, 10: Groper med ukjend funksjon, 11: Oppmuring på berg, mogleg skytestilling, 12: Steinringar, ukjend funksjon og alder, 13: Steinrekkje av liknande slag som «sperregjerde» ved dyregraver. Foto og presentasjon: Svein Indrelid, Universitetsmuseet i Bergen.