1936 Kulturgeografisk registrering på Vestlandet

 

– Knut Olav Aslaksen – 

 

Interessa for den fjerne, men òg den nære fortida, vart vekt av museumsgrunnleggjaren Wilhelm Frimann Koren Christie tidleg på 1800-talet, og seinare følgd opp av andre tilsette ved Bergens Museum.

 

Christie såg at kunnskapen om fortida var mangelfull og at spora forvitra dag for dag. Det var tid for å registrera, samla, granska og fortelja – det var her museet hadde sin historiske misjon.  I 1936  tok konservator Robert Kloster (1905-1979) initiativ til ei Kulturgeografisk registrering av bygdene på Vestlandet. I eit samarbeid med Stavanger Museum, lokale museum og tillitsfolk rundt om i distrikta, starta han eit omfattande arbeidet med å registrere kulturlandskapet, ikkje berre slik det var like før krigen, men òg med atterblikk til midten av 1800-talet, i tida før utskiftinga og det store hamskifte i landbruket.

 

Informantar

Det var framleis informantar som kunne fortelje, og spor å finna, som gjekk langt attende i tid  – til eit tradisjonsbunde fiske- og jordbrukssamfunn som på mange måtar  var lite endra gjennom hundreåra.  Fleire omfattande spørjeskjema som vart sende ut til dei lokale musea, og til eit breitt kontaktnettet av rundt 120 frivillige medarbeidarar i distrikta. Slik fann rundt 6000 skjema vegen ut til gardar og brukarar over heile Vestlandet, frå Sunnmøre i nord til Rogaland i sør. Emna som vart tekne opp konsentrert seg om tun og tunskipnad, husbygging, eldstadar, husbunad (innbu) og drakt.

 

Foto: Universitetsmuseet i Bergen

 

Metodisk nybrott

Metodisk var dette eit nybrottsarbeid innan kulturminneforskinga. Feltarbeid med kartografis registrering og bruk av strukturerte spørje undersøkingar var nytt i Noreg.

I artikkelen «Innberetning om Kulturgeografiske registreringer på Vestlandet» i Bergens Museum si årbok for 1943 presenterer Robert Kloster og Borghild A. Frimannslund, som var sekretær for programmet, mellombels resultata av kartlegginga. Dei skriv om utfordringane i arbeidet med å gjennomføra ei slik stor omfattande undersøking, ikkje minst det krevjande arbeide med å bearbeide all informasjonen. Det var då særleg materiale knytt til tun og tunskipnad, og husbygging som då var komne inn.  Museet bygde samstundes opp eit foto-  og teikningsarkiv med av verneverdige hus og bygningsmiljø i regionen, utførd av kjende arkitektar og arkitektstudentar.  Dette materiale går heilt attende til tida rundt første verdskrigen og er truleg opparbeidd delvis i samarbeid med Fortidsminneforeininga si Bergensavdeling som museet i alle år hadde eit nærast symbiotisk forhold til, grunna konservatorane sine sentrale tillitsverv i foreininga.

 

Foto: Universitetsmuseet i Bergen

 

Foto og filmdokumentasjon

Under krigen stoppa innsamlingsarbeidet delvis opp, men nokre år seinare vart det mellom anna vidareført gjennom Program for registrering av bygdehandverk på Vestlandet ( 1948), finansiert av L. Meltzers Høyskolefond  og leia av konservator Per Gjærder. I samband med dette prosjektet vart det mellom anna produsert fleire filmar som dokumenterte tradisjonelle arbeidsprosessar, under serietittel «Universitetet i Bergen Kulturfilm». Kortversjonar av desse filmane vart distribuert gjennom Statens filmsentral til bruk for skuleverk og opplysingsorganisasjonar.  Omlag samstundes tok Robert Kloster initiativ til Havråfilmen, ein film som dokumenterte livet på den siste einbølte garden på Osterøy, gjennom ein heil årssyklus.

 

Dokumentasjon av eldhuset på prestegarden på Selje. Ill.: Universitetsmuseet i Bergen.

 

Bygningsregistrering og kulturinventar

Frå 1963 konsentrerte museet seg om bygningsregistreringar av hus med tilknyting til sjøbruk slik som sjøbuer, rorbuer og naust og hus relatert til utmarksbruk  som seterhus og utløer. Begge desse kategoriane som stod i faresone og var utsette, grunna omlegging av driftsformer  og endringar i liv og levemåte.

I samarbeid med fylkeskonservatorane i Hordaland og Sogn og Fjordane (1972) tok museet i 1969 fatt på registrering av husbunad, altså innbu. Dette var ein del av det opphavelege kulturgeografiske registreringsprogrammet frå 1936 som ennå ikkje var fullført. Registreringane omfatta all slags inventar, som treskurd, rosemåling, veving, beslagarbeid, møbelkunst og innreiingsarbeid, og vart sidan systematisert i typologiske og ikonografiske grupper. Registreringsarbeidet vart i stor grad utført av studentar som del av den faglege skoleringa innan ulike kunst- og kulturhistoriske fagområde. Også dette arbeidet vart finansiert av Meltzers Høyskolefond, i samarbeid med dei to vestlandsfylka.

 

Situasjonsplan fra Hellevika. Ill.: Universitetsmuseet i Bergen.

 

«En slik kulturinventarregistrering på bygdene må i likhet med registrering av bygninger og bebyggelse sees på som et redningsarbeid som det haster med å få utført. En har like opp til våre dager kunnet vente å finne betydelige mengder forskjellige slags gjenstander som kan tjene som kriterier på lokale og regionale kulturgrenser. Dette forhold er i rask endring. Med den økende velstand som trenger inn i de mest avsidesliggende strøk, følger gjennomgående moderniseringer.», skriv Per Gjærder til Kulturrådets folkekunstutvalg i 1974.

 

Døme på registreringsskjema, fra Austrheim i Gloppen. Ill.: Universitetsmuseet i Bergen.

 

Utgangspunktet var eit ønskje om å supplera museumsamlingane med eit oversyn over gjenstandsmaterialet og handverkstradisjonar på bygdene, for å setja museumsmaterialet inn i sin rette samanheng. «Med sine nær 13.000 nr. er bygdesamlingen kvantitativt den største samling i museet», skriv Gjærder.

Materiale frå dei kulturhistoriske registreringane frå 1930-talet av, er ei rik kjelde til kunnskap om byggeskikk, materialitet og levemåte på Vestlandet. Heilt frå tida før det store hamskifte i jordbruket og utskiftingane på 1800-talet, og fram til midten  av 1980-talet. Deler av materialet er no overført til fylkesarkivet i Vestland og har blitt digitalisert.