– Alf Tore Hommedal –
I vår tid er det populært for mange å fare tilrettelagde pilegrimsvegar, enten det gjeld å segle Kystpilegrimsleia langs norskekysten, gå Olavsleiene mot Nidaros, eller vandre mot Santiago de Compostela i Spania. I samlingane ved Universitetsmuseet i Bergen fortel fleire pilegrimsmerke om slike vandringar også i mellomalderen. Fem pilegrimsmerke funne samla ved klosteret på Selja i Nordfjord fortel til og med om reiseruta som pilegrimen har vandra.
Eit teikn på heilag vandring
Pilegrimsmerke var vanlege i mellomalderen som den tids “pins”, ofte støypte i tinn eller bly og festa på kleda, og med identifiserande motiv frå helgenstaden der merket var å få. Frå norske helgenstader kjenner vi berre pilegrimsmerke for St. Olav i Nidaros. Men når vi i Noreg finn merke frå europeiske helgenstader, gjerne fleire i kombinasjon, må vi altså kunne slutte at beraren har vore innom alle desse helgenstadene før han eller ho kom til Noreg. Dermed kan vi ved fleire merke også slutte oss til kva vegar og avstandar pilegrimen har vandra, som ved merka funne på Selja.
Bari, Lucca, Noblac, Aachen, Maastricht og Selja
Pilegrimsmerka vart funne i 1937 på kyrkjegarden ved klosterruinane på Selja. Dei fem blymerka frå 13- 1400-talet låg ved ei grav og er høgst truleg lagde ned samla. Beraren hadde i Italia vitja både helgenskrinet til St. Nikolas i Bari og det store krusifikset «Volto Santo» i Lucca, og lenger nord var Marias klednad vitja i Aachen i Tyskland, og litt lenger vest St. Servatius-heilagdomen i Maastricht i dagens Nederland. Pilegrimen hadde på vegen også vore innom St. Leonard frå Noblac ved Limoge i Frankrike.
Köln, Lucca og Roma
Selja-pilegrimen har dermed vitja nokre av dei heilagdomane som også vert skildra av den islandske munken Nikulas Bergsson som i 1154 kom heim frå ei pilegrimsferd gjennom Europa og like til Jerusalem (?). Universitetsmuseet i Bergen har også eit samla funn frå 12-1300-talet av tre andre pilegrimsmerker som passar inn i same europeiske rute. Desse tre merka kom for dagen ved dei arkeologiske utgravingane på Bryggen i Bergen i 1964. Bryggen-pilegrimen har på vandringa si vitja dei heilage tre kongar-skrinet i Köln like nordaust for Aachen. Likeins har han eller ho, som Selja-pilegrimen, vore innom Volto Santo-krusifikset i Lucca og dessutan ved Peter og Paulus-heilagdomane i Roma. Når Selja-merka også syner til denne (?) pilegrimsruta sørover, og vidare til Lucca og Bari i Italia, er det ikkje unaturleg å rekne med at også Selja-pilegrimen har teke vegen innom Roma, sjølv om pilegrimen ikkje har fått eit merke der eller dette er gått tapt.
Ei tidsskildring
Vi veit ikkje om den europeiske pilegrimsvandraren som på 13- eller 1400-talet nok enda sine dagar på Selja var ein nordmann som gjekk ut og kom heim att, slik islendingen Nikulas Bergsson gjorde, eller om det var ein framand som vende si vandring mot heilagstader i nord. Men mest truleg var det nok ein nordmann, som gjennom pilegrimsmerka vedkomande sikra seg også har gjeve oss del i reiseruta si. Framleis kan dei same heilagstadene vitjast langs ruta, enten vi gjer det som pilegrimar etter mellomalderens skikk eller vi vandrar som moderne turistar.
Kjelder
Lars Andersson (1989): Pilegrimsmärken och vallfart. Medeltidens pilgrimskultur i Skandinavien. Almqvist & Wiksell International;
Asbjørn E. Herteig, 1969: Kongers havn og handels sete. Oslo: Aschehoug. S. 207–209;
Alf Tore Hommedal, 1998: Pilegrimsmerke og pilegrimsferd. I Ågotnes, A. (red.): Tingenes tale. Funn fra Bergen og Vestlandet 1000-1600. Bryggens Museum, Bergen 1998. S.30-33.
Alf Tore Hommedal, 2020: Pilegrimsvegen og pilegrimsmål langs norskekysten. I: Rune Nylund Larsen, Kystpilegrimsleia. Sjøveien til Nidaros. Risør: Galleri Nylund Larsen. S. 14-17 og 300.
Alf Tore Hommedal og Else Mundal, 2020: Lyset frå Roma. I: Ola Svein Stugu, red.) Drømmer – Dagligliv – Deltaking. Centro Studi 25 år. Oslo-Trondheim-Bergen 2020: Det norsk-italienske studiesenter i Tolfa. S. 290-313.
Hans Jacob Orning og Svein Harald Gullbekk, 2024: En reie til Roma. I sporene til pilegrimen Nikolas Bergsson året 1152. Dreyer forlag.