1927 Nytt bygg for kulturhistoriske samlingar

 

– Knut Olav Aslaksen –

 

Eit museum er ein samlingsinstitusjon som forvaltar, forskar og formidlar vår felles natur- og kulturarv. Det ligg i musea sin eigenart at det er jamn tilvekst av objekt i samlingane. Dette fører gjerne til  behov for nye magasin og utstillingsareal, tekniske rom og arbeidsplassar for dei tilsette. Det tok difor ikkje mange år etter at Bergens Museum sin monumentale bygning vart reist i 1865, før den var for liten og måtte utvidast i 1898 med nye sidefløyer. Allereie tolv år seinare i 1910 var museet igjen  blitt for lite.

 

Det nye museumbygget under oppføring, ca. 1925. Foto: marcus.uib.no

 

I årsmeldinga dette året peikar styrar for Historisk antikvarisk avdeling Haakon Shetelig på behovet for nye areal:

«Nogen utvidelse eller omordning tillater de nuværende lokaler ikke, og nogen egentlig forbedring av forholdet kan saaledes ikke tænkes før man har løst spørsmaalet om en utvidelse av museets lokaler. Særlig efter de sidste store bevilgninger til kulturhistoriske indkjøp trænger dette spørsmaal sig sterkt i forgrunden….det tør vel siges, at en hovedopgave for museet ligger i de utstillede samlingers folkeopdragende betydning, der under de nuværende forhold ikke kan tilgodesees i den utstrækning som den har krav paa.»

Same året hadde museet fått statlege løyvingar til innkjøp av nyare kulturhistorisk materiale frå tida etter reformasjonen i 1537.  Dette førde ikkje berre til ei auke i innsamlingsverksemda, men òg  til at den historisk-antikvariske avdelinga kunne tilsetta eigen preparant, den 23 år gamle Olav Espevoll.

 

Museet sett fra sør. Foto: marcus.uib.no

 

Plassbehov

I årsberetninga for 1914 går det fram at

«mangel paa plads, baade for utstillede og magasinerte saker, gjør  sig sterkere gjældende end nogensinde før. Saaledes som det nu gaar, kan det ikke gaa mange aar til. Paa en eller anden maate maa der skafes midler til nybygning, og for i tide at sikre sig tomt til samme  …. anmodning om at faa endel av kommunens eiendom  Fastings Minde, reservert for museets framtidige utvidelser. … ikke alene sigte paa tomt for en eventuelt nybygging for den historisk-antikvariske avdeling, men ogsaa paa de krav som vil stilles under museets utvikling henimot en  høiskole».» 

Det gjekk som museet ønskte, i bystyremøte 27. mars 1915 vart Joachim Frielesgate 3 (del av Møhlenprisbakken 1) stilt til disposisjon som tomt for nybygg til museet. Tomta låg vegg i vegg med bygningen Frielesgate 1 som museets hadde sikra seg til laboratorieføremål i 1910. Samstundes gav kommunen tilsegn om tomteareal på Fastings Minde for ei framtidig utviding av museet mot eit universitet.

I mai same året sette museet ned ein komité for å greia ut og planlegga eit nybygg til dei historisk-antikvariske samlingane. Her peika Haakon Shetelig og Einar Lexow på at museet hadde

«et uvurderlig materiale til studium av Bergens gamle bykultur og bondekulturen i Vestlandets bygder. Men disse store samlinger savner  den tilstrækkelige plads baade for at kunne utnyttes videnskabelig og tilgodegjøres i folkeoplysningen tjeneste.»

 

Kong Haakon og professor Kolderup besiktiger nybygget i 1925 under museets 100 års jubileum. Foto: marcus.uib.no

 

Arkitektkonkurranse  

I  desember 1919 vedtok styret for Bergens Museum å bygga ein ny  museumsbygning basert på teikningar av arkitekt Egill Reimers. Då hadde det vore gjennomført ei nasjonal arkitektkonkurranse om ny museumsbygning og om utforming av Fastings Minde til universitetsføremål. Reimers vann konkurransen med utkast «PAX».

Grunnsteinen til museet var lagt ned på institusjonen sin 96-årsdag 25. april 1921.

Dei opphavelege planane skisserte eit nytt bygg på heile 6250m2  som av økonomiske omsyn måtte realiserast i to byggetrinn. Den nyreiste bygningen fekk eit bruksareal på 4600 m2, noko som frigjorde 2500 m2  i det gamle museet til bruk for den naturhistoriske avdelinga. I tillegg til areal for utstillingar og magasin fekk det nye museet no moderne fasilitetar som sentralvarmeanlegg (som òg gav varme  til den gamle museumsbygningen), arbeidsrom, verkstader, rom for desinfeksjon,  konservering,  foto atelier og ekspedisjon. Byggetrinnet vart realisert innanfor budsjett på kr. 1.440.000,- I tillegg kom kostnader til innreiing,  flytting og montering av samlingane på kr. 150.000,-.

 

Ferdigstillet bygg med hageanlegg omkring. Nordre fløy på det naturhistoriske museet sees i venstre hjørne. Foto: marcus.uib.no

 

Den nye museumsbygninga

I april 1927 stod museet ferdig og klar til opning.  Då var første byggetrinn, eller 2/3 av den planlagde bygningen realisert. Det mangla framleis diverse areal til  mindre faste utstillingar, foredragssal og rom for vekslande utstillingar. Likevel var museet  nøgd med resultatet for:

«..nybygningen betegner dog et fremskitt som vanskelig kan vurderes høit nok. Ikke bare  er plassforholdene i ganske vesetlig grad forbedret, men samtidig har man også ved planleggelse og utførelse kunnet tilgodegjøre sig helt moderne erfaringer og teknikk på museumsvesenets område. Som det vil sees gjelder fremgangen i første rekke en rasjonell fordeling av de offentlig utstillede samlinger og spesielt videnskapelige studiesamlinger, dernest hensynet til arbeidsavdelingen, til rum for konservering, museumsarbeide og studier. Det er en internasjonal erfaring at begge disse hensyn har vært  vist altfor liten opmerksomhet ved eldre museumsbygninger, og først den lange erfaring under museets vekst og utvikling har gjort det klart at verksteder, arbeidsrum og studiesamlinger er av vital betydning for institusjonen som helhet.»

 

Historisk museum i dag. Foto: Adnan Icagic, Universitetsmuseet i Bergen.

 

Freding

Over tid er det gjort mindre bygningsmessige endringar av muséet og utstillingane er blitt fornya, men i hovudtrekk  er bygningen slik den var ved  opninga i 1927.  I 2014  vart «Historisk museum, Haakon Sheteligs plass 10» freda som del av Landsvernplan for Kunnskapsdepartementet etter Forskrift om fredning av kulturhistoriske eiendommer. Føremålet med fredinga er å sikre eit viktig universitetshistorisk anlegg og ein monumental bygning ved Universitetet i Bergen. Fredinga omfattar både eksteriør og interiør, inkludert konstruksjon, fasadekomposisjon, planløysing, materialbruk, overflatebehandling, bygningsdelar, detaljar og dekor.

Med dette som bakteppe blir det i åra frametter ei stor utfordinga å ta vare på museumsbygningen si historie, men ikkje minst å legga til rette for at bygningen igjen kan gje plass til det omfattande kulturhistorisk gjenstandsmateriale som universitetsmuseet forvaltar og som institusjonen pliktar å gjera tilgjengeleg for ålmenta.