Over: Brotet på Hespriholmen er framleis godt synleg oppefrå. Foto: Statens kartverk.
– Trond Eilev Linge –
Heilt sidan ein fann den første verkstadplassen med spor etter økseproduksjon i Sokkamyro hadde ein hatt ein teori om at grønstein var brote ut av fast fjell ein stad på Sør-Bømlo, og sjølvsagt hadde ein eit sterkt ønske om å finne sjølve brotet. I 1923 var tida endeleg komen, og nøkkelen til oppdaginga skulle vise seg å vere eit lokalt segn.
Gygrerompa på Nordøyane
Brotet vart funne under ein rotur til Nordøyane, ei gruppe små øyar og holmar nord for Espevær på vestsida av Sør-Bømlo. Arnt Hovland fortalte arkeolog Johs. Bøe og geolog Carl Fredrik Kolderup om ein merkeleg formasjon på Hespriholmen som etter segna skulle vere avtrykk av at ei gyger (trollkjerring) ein gong hadde sett seg til der. Det dei fann på vestsida av holmen, var eit om lag 18 meter bredt område som var som hogd ned til eit plant «golv» om lag 5 meter over havet. Dette var hovudbrotet på Hespriholmen.
Omfanget av verksemda
Med kjennskap til brotet var det også anledning for å forsøke å rekne seg fram til kor mykje grønstein som faktisk var teke ut, og slutte vidare frå dette til det totale talet på økser som var produsert av grønstein frå Hespriholmen. Dette er sjølvsagt inga enkel øving, og særs ulike forslag har vorte presentert. Ein av dei som har gått grundigast til verks er Sigmund Alsaker som kom fram til det samla uttaket frå hovudbrotet og fleire mindre brot på holmen, til saman utgjorde 427 kubikkmeter masse. På den andre sida har dykkarar funne svære røyser av grønstein i sjøen framfor brota, og saman med store avfallsmengder på sjølve øya, rekna han seg fram til at «berre» 118 kubikkmeter vart frakta vekk frå Hespriholmen.
Så, kva kan ein bruke 118 kubikk grønstein til? Til dømes kan ein lage ein stad mellom 42.700 og 213.500 økser. Det var i alle fall tala Alsaker rekna seg fram til ved å bruke modellar der mellom 1 og 5% av brotet si samla masse til slutt enda opp som øks. Slike tal kan ved første augekast tyde på nesten industriell framstilling, men tek ein omsyn til den tida brotet var i bruk kokar det ned til at mellom 8 og 40 økser årleg vart produsert av grønstein frå Hespriholmen dei om lag 5500 åra brotet var i bruk. No er det store usikkerheiter knytt til desse tala; bruken av brotet har neppe vore jamn gjennom heile denne perioden, og ulike utvinningsteknikkar har truleg medført ulik grad av svinn, men det er tydeleg at det ikkje kan vere snakk om noko industriell verksemd. Først og fremst gir dette eit bilete på den enorme tidsdjupna i bruken av brotet. Avtrykket etter gygrerompa har vorte til gjennom utvinning av grønstein gjennom noko slik som 220 generasjonar!
Metodar brukt i utvinninga
Funn og observasjonar på og ved brota tyder på at eld vart brukt i utvinninga. Berget har blitt varma opp og store blokker har kome laus. Truleg har ein også brukt store knakkesteinar for å lausne blokkene. I sjøen rett utanfor hovudbrotet er funne blokker på fleire 100-tals kilo og 5 kg tunge rullesteinar med slagspor. Dei store blokkene har nok vore for store til å fraktast vidare, eller dei har vore ubrukelege til å lage økser av. Eksperiment viser at for brå og rask oppvarming eller nedkjøling kan endre eigenskapane i stein og gjere det umogleg å lage reiskapar av den. Om ein har nytta seg av til dømes sjøvatn for nedkjøling kan dette ha ført til eit stort svinn av stein som ikkje lenger var eigna som øksemateriale. Bruk av kraftige slagsteinar kan ha vore eit alternativ til brå nedkjøling. Da må ein ha teke tida til hjelp før ein kunne handtere steinen vidare.
Lange opphald ser det ikkje ut til å ha vore på Hespriholmen. Ingen av dei arkeologiske undersøkingane her har påvist spor av at anna verksemd, som jakt og fiske, har hatt utgangspunkt her. Alt ein finn er spor av brotverksemda, og det er snakk om store og grove blokker og avslag i grønstein og knakkesteinar. Det tyder på at så snart ein hadde fått arbeida ned grønsteinen til handterlege blokker eller råemne, så vart den frakta vidare til verkstadplassane på Espevær og Sør-Bømlo der framstillinga held fram.