1919 Elefanten i rommet

– Knut Olav Aslaksen –

Det heng eit elefanthovudet over trappa ned til underetasjen i Universitetsmuseet Naturhistorie. Hovudet var ei gåve frå ein nærast gløymt institusjonsbyggjar, apotekar Johan Lothe, mangårig styremedlem og preses ved Bergens Museum.

Apoteker Lothe

Lothe var styremedlem i 33 år og preses, som er tilsvarande styreleiar i dag, i 13 av desse. Han stod i bresjen for dei store byggjeprosjekta Historisk Museum, Geofysisk institutt og Biologisk stasjon på Herdla. I ein perioden var han også stortingsrepresentant. Det var på Lothe sitt initiativ at museet 16. september 1915 sende ut eit opprop til publikum om å teikne bidrag til nybygg for den historisk-antikvariske avdelinga og  for oppretting av eit matematisk-naturvitskapleg fakultet. I følgje geolog og museumsdirektør, professor Carl Fred. Kolderup, var Lothe ein av museet sine mest  markante institusjonsbyggjarar, nest etter W.F.K. Christie og D.C. Danielsen.

 

Professor Kolderup til høyre og Apoteker Lothe til venstre. Her avbilda fremfor museet i forbindelse med museet sitt 100-års jubileum i 1925. Foto: marcus.uib.no

Ein afrikansk savanneelefant

I tillegg til å yta av si  tid og sine krefter på utbygging av museet, kjøpte  han òg inn objekt til samlingane og gav fondsmidlar til museet og til universitetsaka. Mellom gjenstandane frå Lothe er hovudet av ein Afrikansk savanneelefant frå Ulangaelva i Tanzania «med usedvanlig store stødtenner» – til bruk i «skuesamlingen». Objektet vart kjøpt inn gjennom naturaliahandlar Umlauf i Hamburg i 1918 og omstoppa av museet sin preparant William Dahl. Lothe kjøpte òg inn 180 millionar år gamle fossilar av ei fiskeøgle (Ichtyosaurus acustirostris) og ei sjølilje (Pentacrinus subangularis) frå Jura tida, funnet i Holzmaden i Würtenberg i Tyskland. Fossilane fortel både om geologisk tid, om biologisk evolusjon og om tidlegare liv i havet. Sjølila vart lenge rekna som ein utdøyd art før G. O. Sars i 1864 trakk opp ei sjølilje frå 600 meters djup utanfor Lofoten, og med det påviste at det var liv i djuphavet og  at arten framleis eksisterte.

 

Afrikansk  savanneelefant frå Ulanga elva i Tanzania. Foto: Knut Olav Aslaksen.

Lothe er ein person som få kjenner til  i dag. Han søkte heller ikkje  merksemd. For han var sak nok viktigare enn person, som då han la ned forbod mot at det skulle haldast minnetalar i eiga gravferd. Lothe er som «elefanten i rommet», alltid  til stades i museet sitt minne, sine bygg og i utstillingane gjennom dei praktfulle gåvene; elefanthovudet frå Tanzania og sjølilja frå Holzmaden.

Frå den gamle utstillinga, ukjend år. Foto: Ukjend.