– Knut Olav Aslaksen –
Året 1905 er ikkje berre året for unionsoppløysinga med Sverige, men òg eit merkeår for norsk kulturminnevern. 13. juli dette året vart «Lov om Fredning og Bevaring af Fortidslevninger» vedteken av Stortinget, etter forarbeid og initiativ frå tilsette ved Bergens Museum.

Framlegg til lov
Dette var den første norske kulturminnelova som sikra automatisk freding av fornminne frå tida før reformasjonen i 1537. Lova gav landsdelsmusea eit særleg nasjonalt ansvar for utgraving og bevaring av arkeologiske funn. Ei slik lov hadde lenge vore ønskt frå vitskapleg hald, og eit lovframlegg vart fremma allereie i 1897. Framlegget var mellom anna bygd på forarbeid av arkeolog Gabriel Gustafson ved Berges Museum og Hans Aall ved Norsk Folkemuseum. Det vart deretter fremma av stortingsrepresentanten frå Bergen, Jørgen Brunchorst, som då også var direktør for Bergens Museum.
Oseberg
Som konservator ved museet var Gustafson ein nær medarbeidar av Brunchorst i perioden 1889- 1900, og deretter styrar for Universitets Oldsaksamling i Kristiania. Her leia han utgravinga av Osebergskipet i 1904 assistert av Haakon Shetelig frå museet i Bergen. Det skulle likevel ta heile sju år frå lovgrunnlaget vart fremma til ei lova om sikring kulturminne vart vedteken. Dette skyldast ikkje minst stor motstand mot inngrep i den private eigedomsretten og grunneigarane sine økonomiske interesser og rettar knytt til fornminne. Osebergfunnet vart til dømes kjøpt til Oldsaksamlinga av godseigar Fritz Treschow frå grunneigaren Oskar Rom for 12000 kroner.

Sprenging på Sjo på Halsnøy
I påska 1905 skjer det nærast som i eit skjebnetreff noko skjelsettande og uventa. Ein bonde på Sjo på Halsnøy i Sunnhordland, sprengde sunn ein uvanleg høg og vakker bautastein for å bruka han som bygningsstein. Det rådde altså lovlause tilstandar på kulturminnefeltet og hendinga fekk stor merksemd. Bergens Museum rapportert hendinga inn til Stortinget, noko som endra stemninga blant stortingsrepresentantane. Den representanten som særleg argumenterte for at ein no endeleg måtte få vedtatt ei lova om vern av fornminnet var igjen den tidlegare nemnde museumsdirektøren frå Bergen, botanikaren Jørgen Brunchorst. Han møtte òg i 1905 som representant på tinget, og som stod i nær kontakt med Gustafson, Aall og Shetelig. Slik kom tilsette ved Bergens Museum til å spela ei sentral rolle då Norge fekk si første kulturminnelov, men kanskje var det likevel bonden på Halsnøy som ved si medvitslause handling var den som endeleg sikra oss ei naudsynt og viktig lov om freding av fornminne (kulturminnelov).