1901 Grønstein og buplassar på Sør-Bømlo

– Trond Eilev Linge –

Øksa må ha vore ein heilt essensiell reiskap for dei som haldt til på Vestlandet i steinalderen. Dei første øksene vart laga med utgangspunkt i flint som isen hadde transportert nordover frå Sør-Skandinavia, men rundt 8000 før Kristus tok ein til å vinne ut stein i lokale bergartar som var eigna til å hogge og slipe til som økser. På slutten av 1800-talet kom det inn funn som sette arkeologane på sporet av at ei slik råstoffkjelde truleg var å finne på Bømlo. Dette markerte også starten på museet sine arkeologiske granskingar av steinalderbuplassar.  

Mannen på biletet er Johan Larsen Vespestad, og biletet er tatt i 1918. Her sit han på kanten av utgravingsfeltet under Haakon Shetelig si graving på Sokkamyro på Sør-Bømlo. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

 

Ein observant jordbrukar og ein nytilsett museumsarkeolog

Det var under nydyrking av Sokkamyro på garden Vespestad ved Langevåg lengst sør på Bømlo at gardbrukar Johan Vespestad kom over stein som tydeleg var tilverka av menneskehand. Dei første funna vert sendt til Bergens Museum i 1897 og -98, og museet oppmuntra han til å observere og samle inn fleire funn. I 1901 sendte han så inn fleire hundretals funn av steinavfall kalla avslag, grovt tilhogde emne, blokker og nokre ferdige slipte økser.

 

Økser av grønnstein fra Sokkamyro, Sør-Bømlo. Øksetypen vert kalla Vespestadøkser og er oppkalla etter garden Sokkamyro ligg på. Foto: Universitetet i Bergen.

I 1900 stod arkeologien ved museet i eit vegskilje. Gabriel Gustafson hadde vore tilsett som museet sin einaste arkeolog sidan 1889, men hadde no fått jobb ved Universitets Oldssakssamling i Oslo. Som nytilsett arkeolog i 1901 var funna frå Vespestad noko av det første Haakon Shetelig fatta interesse for, og alt same året organiserte han ei mindre utgraving i Sokkamyro. Dette var den aller første faglege steinalderundersøkinga som var gjort ved Bergens Museum. Det er gjort fleire utgravingar i Sokkamyro opp gjennom åra, og det er funne omfattande spor etter produksjon av økser både frå eldre og yngre steinalder. Framleis er store delar av myra ikkje undersøkt, og er verna som eit særs viktig arkiv for kunnskap om steinalderen på Vestlandet.

 

Råstoff av grønnstein fra Sokkamyro, Sør-Bømlo. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

 

Mellom Johan Vespestad og Shetelig utvikla det seg eit personleg venskap som er eit godt døme på korleis samspelet mellom lokale «lekfolk» og museet sine fagfolk leiar fram til kunnskap om det arkeologiske materialet. Gjennom denne kontakten fekk museet stadig ny informasjon om funn av liknande karakter rundt om i landskapet på Sør-Bømlo, og det danna seg eit bilete av ein omfattande bruk av dette steinråstoffet. Shetelig oppheld seg på Bømlo dei fleste somrane i mellomkrigsåra, og området vart sentralt i kunnskapsutveksling mellom arkeologar med interesse for steinalder, og praktisk undervisning for dåtidas arkeologistudentar.

Spissnakka trinnøks frå Sokkamyro. Foto: Foto: Ann-Mari Olsen, Universitetsmuseet i Bergen.

 

Emne til øks funne på Nedre Hille på Bømlo. Foto: Ann-Mari Olsen, Universitetsmuseet i Bergen.

Verkstadplassane på Sør-Bømlo

Vi kjenner i dag til over hundre steinalderbuplassar på Espevær og i området frå Vikafjorden i nord til Bømlahamn i sør, og dei fleste av desse har liknande funn av økseproduksjon som kom fram i Sokkamyro. Slike buplassar vert gjerne kalla verkstadplassar, men det er også stor variasjon mellom dei. Einskilde av desse plassane har nesten berre av funn frå økseproduksjon; tusenvis av avslag i varierande storleikar og mange emne. Dei sistnemnte ber ofte preg av at noko har gått gale under framstillinga. Emnet har ikkje oppført seg som øksemakaren ville, har knekt og vart kasta. Dei vellukka emna vart slipt til ferdige økser, men ofte på andre stader enn på desse verkstadplassane. Eksperiment med å lage tilsvarande emne viser at det tek mindre enn ein halvtime for ein driven øksemakar å hogge til eit emne, og det vil ligge att ein stad mellom 100 og 200 avslag. Så sjølv om funnmengda er stor, har det ikkje vore lange tida ein har brukt her.

Andre verkstadplassar har meir samansette spor. Her kan ein finne teikn på heile produksjonslinja frå tilverking av emne til sliping av økser, gjerne i kombinasjon med andre typiske buplasspor. Her har truleg verkstadsaktiviteten vore ein del av aktivitetane på buplassar med opphald over lengre tid. Såleis viser verkstadplassane variasjon i rammene rundt økseproduksjonen i den omlag 5500 år lange perioden den gjekk føre seg. I dag reknar vi med at økseproduksjonen på Sør-Bømlo slutta rundt 2500 f. Kr.

 

Sokkamyro, Sør-Bømlo. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

 

Kor kom steinen frå?

Alt i Shetelig sin artikkel om utgravinga i 1901 vart ein god del plass via til eit sentralt spørsmål; kor var steinen henta frå? Han hadde henta inn ein fagleg uttale frå museet sin geolog Carl Fredrik Kolderup som meinte den aktuelle bergarten var ein slags grønstein, og kunne fortelje at liknande bergart fans i fast fjell i nærområdet, mellom anna rett sør for garden Vespestad. Også Shetelig var av den oppfatning at steinen i utgangspunktet må ha vore brote ut av fast fjell, heller enn å vore samla inn som lause blokker. Til grunn for dette la han dei store avfallsmengdene ein fann på verkstadplassane, og at materialet neppe hadde vore av så jamn god kvalitet dersom lausblokker hadde vore utgangspunktet. Leitinga etter brotet skulle oppta ein mykje i dei neste tiåra, og korleis ein til slutt fann det er ei historie i seg sjølv.