Over: Fra feiringen av grunnsteinsnedleggelsen i 1946. Foto: Franz Blaha.
– Knut Olav Aslaksen –
Tanken om eit universitet eller ein vitskapeleg høgskule for Vestlandet i Bergen vart sporadisk fremma i avisspalter frå midten av 1870-åra. Fra 1892 fastsette vedtektene at museet skulle arbeide mot å oppretta ein høgskule i Bergen. «Universitetssaka» blei sidan førande for alt arbeid ved museet. Den sterkaste drahjelpa kom frå uventa hald: frå Kristiania.
I 1883 skreiv skulestyrar Edvard Hambro i et innlegg at
« Ikke blot vil et universitet bringe en overordentlig lettelse for alle de mange forældre, hvis børn gaar den studerende vei; ikke blot vil den bevirke en tilstrømning af studerende, der paa den ene eller anden maade vil tilføre byens borgere fortjeneste; ikke blot vil den knytte til stedet et ikke lidet antal økonomisk uafhengige familjer, som vil ønske at leve der, hvor børnene opholder sig; men langt mere end alt dette vil den sum af viden og indsigt paa de forskjellige omraader, som derved samles i staden, og det opsving, aandslivet derigjennom vil tage, virke befruktende i alle dele.»
Edvard Hambro, 1883
Eit formalisert mål
Ved revisjonen av museumsforeininga sine lover i 1892 vart arbeidet med å oppretta ein høgskule for Vestlandet ein del av institusjonens sitt nye føremål.
§1 «Foreningens formaal er at fremme videnskapelig forskning og sprede videnskapelig kundskab. I den hensigt vil den uderholde, forøge og udvide de i Bergens Museum opbevarede samlinger af naturalier og historisk-antikvariske gjenstande samt fremme de til Museet knyttede institusjoner og arbeide for oprettelse af en høiskole for vestlandet i Bergen».
Omlag samstundes vart det organisert undervisning i form av foredrag og sommarkurs etter mønster av den engelske university-extention rørsla, museets si «Aarsberetning» skifta namn til «Aarbok» for betre syna at publikasjonen i stor grad vart nytta til vitskapelege artiklar, og institusjonen tok i bruk sitt nye segl, der visdomssymbolet ugla vart kombinert med element frå byen sitt segl.
Stønad frå Kristiania
I 1895 fekk universitetstanken ny vind i segla, og det frå uventa kant. Då heldt geologisprofessor Waldemar Christopher Brøgger frå universitetet i Kristiania, etter invitasjon frå museet, eit foredrag med tittelen «Om oprettelse af et Frit Universitet i Bergen». Foredraget som var halde i Handelssamfunnet sine lokale 9. april 1895, samla nærare 200 av byen sine fremste representantar. Møtet vart leia av sjølvaste borgermester Sofus Arctander. Brøgger, som seinare skulle bli den første valde rektoren ved universitetet i hovudstaden, meinte at det ville vera til gagn for heile landet med eit universitet i Bergen og viste her mellom anna til utviklinga i Sverige som nyleg hadde fått to nye høgskular, i Stockholm (1879) og Göteborg (1891), i tillegg til sine gamle universiteta i Uppsala og Lund. Brøgger la vekt på dette hadde ført til positiv konkurranse mellom institusjonane og at det same ville skje i Noreg om det kom eit universitet i Bergen. «Thi her er jeg ved et kjernepunkt! Jeg er i en handelsby, jeg tænker mine tilhørere vil forstaa, hva jeg mener, naar jeg sige: Der trænges konkurrance! Brøgger sakna konkurranse og eit meir pulserande vitskapleg liv i landet.
Den etterfølgjande diskusjon førde til ein resolusjon med oppmoding til Bergens Museum sin direksjon om å leia arbeidet med å etablera eit universitet i Bergen, etter same framgangsmåte som ved etableringa av dei nye høgskular i Stockholm og Gøteborg. Den framtidige vitskaplege lærestolen skulle vera bygd på den eksisterande verksemda ved museet og basera seg på innsamla private midlar, og om mogleg òg offentlege midlar.
Ei rettesnor for alt fagleg arbeid
Universitetssaka vart ei rettesnor for alt fagleg arbeid ved Bergens Museum i 10-åra etter hundreårs skifte. Institusjonen vaks både organisatorisk og fysisk med nytt bygg til dei historisk-antikvarisk samlingane, ny biologisk stasjon og nytt geofysisk institutt. Det meste finansiert ved innsamla private midlar, slik Brøgger hadde tenkt.
Dei fagleg leiarane fekk etter kvart professor løn og tittel, og nye tilsettingar skjedde etter utlysing og fagleg vurdering. Grunnlaget for ein ny vitskapeleg høgskule var gryteklar då regjeringa i november 1938 sette ned ei nemnd for å greie ut etablering av eit universitetet i Bergen. Leiar og nestleiar for nemnda vart museet sin preses Wilhelm Mohr og direktør Haakon Shetelig. Nemnda presenterte ei omfattande utgreiing for departement i juni 1939, men grunna krigen måtte saka utsetjast.
De faste representantene var Wilhelm Mohr, Haakon Shetelig, N. Backer-Grøndal, Olaf Devik, Torbjørn Gaarder, Gustav Indrebø, Otto Lous Mohr, Peter Rokseth, Sem Sæland, Asbjørn Stensaker. Varamenn var Gunnar Bøe, August Brinkamnn, Severin Petersen, Rolf Nordhagen, Olav Hanssen, Sverre Steen, Edgar Schelderup, Arthur Sundt.
Ein symboltung dag
Den 9. april 1946 , ein symboltung dato som både viser til krigsutbrotet i 1940 og til det skjelsettande møte i Handelssamfunnet i 1895, gjorde Stortinget vedtak om oppretting av Bergens Universitet, bygd på dei faglege og materiell ressursane ved Bergens Museum. Statsråd Fostervoll kalla det heile eit nyreisingprosjekt for ei ny etterkrigstid, men det var nok òg eit vedtak på overtid. I nabolanda hadde det lenge vakse fram nye universitet i Stockholm, Gøteborg og sist i Aarhus. I Noreg hadde vi fått fleire vitskaplege høgskular ved overgangen til 1900-talet, men vi hadde berre eitt universitet, Universitetet i Oslo der kapasiteten allereie var sprengt, og der den geografiske rekrutteringa av studentar var skeiv. Landet var endeleg klar for eit nytt universitet.