1891 Spor av skrivande hender – ein stylus blir funnen i kyrkjegolvet i Nonneseter kloster

– Åslaug Ommundsen –

I 1891 var det arkeologiske utgravingar i Lungegården, på staden der Nonneseter kloster ein gong sto. Blant gjenstandane som blei henta ut frå bakken, var ein avlang og relativt tynn metallpinne med eit auga i den eine enden. Det var ein stylus eller griffel, ein type reiskap som i mellomalderen blei brukt til å skrive på vokstavler med.  Kven kan ha brukt denne stylusen, og kva kan gjenstanden fortelje oss om skriftkulturen i norske byar som Bergen?

Stylus i bronse funnet på Nonneseter i Bergen. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

Stylusen frå Nonneseter er 10,5 cm lang, støypt i bronse og usedvanleg forseggjort. Den øvre delen er utforma som ei venstrehand med dekorert mansjett. I praksis er handa eit «auga» som kunne treast inn på ein metallring. Funnet blei gjort i austre del av det som ein gong var klosterkyrkje for nonnene i Bergen, i koret.

I mellomalderen brukte ein gjerne stylus og vokstavle når ein skulle notere eller formulere utkast til brev eller dokument. I laget med bivoks som dekka tavla, var det lett å prege inn bokstavar med den spisse enden. Når ein var nøgd med teksten, kunne innhaldet kopierast over med penn på pergamentblad, voksen kunne glattast ut att, og vokstavla kunne brukast på nytt. Ofte er den øvre delen av stylusen flat, slik at han kan fungere som «utglattar». Nonneseter-stylusen eignar seg godt til å skrive med, men ikkje så godt til å glatte ut att, avdi øvre enden ikkje er flat nok. Det finst døme på sett med både stylus og utglattar hengande i éin ring, og det kan ha vore tilfellet også her.

Nonneseter kloster var det største benediktinarklosteret for kvinner i Noreg og blei truleg oppretta på 1120-talet. Det ser ut til at koret i kyrkja blei utvida på siste halvdel av 1200-talet, kanskje ved hjelp av midlar som blei testamenterte til klosteret Magnus Lagabøte (d. 1280). Nøyaktig kvar i koret stylusen blei funnen,  er ikkje dokumentert, men det er rimeleg å tru at han hamna i grunnen etter at det nye koret blei bygd. Kven kan i si tid ha brukt stylusen?

I klosteret hadde ingen lov til å ha privat eigedom, men alle skulle ha tilgong til det som dei hadde behov for. Benedikt av Nursia reknar i sin klosterregel opp ei rekke nyttige ting som ein abbed (eller abbedisse) må levere ut til alle i klosteret som ynskjer det. Blant desse er stylus («graphium») og skrivetavler («tabulae»). Me veit at det var så mange som 35 nonner i klosteret i 1320, og det er rimeleg å tru at fleire av desse hadde oppgåver som gjorde det naudsynt å notere. Det gjaldt i alle fall abbedissa sjølv, som skulle ha oversyn over klosteret med eigedommar og inntekter. Det er lett å sjå for seg ein slik stylus i handa til abbedissa sjølv, men det er ikkje godt å vite. Klosteret blei også jamleg besøkt av kannikar frå domkyrkja som gjorde presteteneste der, og av biskopen som hadde øvste ansvaret. Det har nok vore mange stylusare i bruk i Nonneseter kloster, men fleirtalet har nok vore av ein enklare typar enn denne.

 

Stylus eller griffel av tre fra Ladegårde på Bryggen i Bergen funnet i 1955. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

 

Stylusar kunne vere ganske ulike både med omsyn til materiale, utforming og storleik, frå det enkle til det forseggjorte og elegante. Nokre var tilvirka i bein eller tre, andre i jarn eller koparlegeringar som messing eller bronse. Stylusar med handforma auge tilhøyrer ei særskilt gruppe som førekjem i Tyskland allereie frå 1100-talet og framover til 1300-talet. Stylusar av denne eldre typen er funne fleire stader i Norden, blant anna i Oslo. Ein stylus som liknar på den frå Nonneseter, utforma i tre, blei funnen under utgravingane på Bryggen i 1955. Kan denne trestylusen frå Bryggen ha vore ein lokal kopi av ein importert bronse- eller messingstylus?

 

Stylus av messing funnet i «Søndre felt» i Gamlebyen i Oslo. Foto: Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

 

I og med at Nonneseter-stylusen blei omtala som ein «bronsepren» i skildringane frå 1890-talet, var det først i 2010 at han blei henta fram frå magasinet og identifisert som ein skrivereiskap. I 2011 påpeika Anne Stalberg at det nok låg fleire stylusar i norske museumsmagasin enn det me var klar over. Sidan den tid er fleire funn, også frå utgravingane på Bryggen i Bergen, registrerte i søkbare databasar som unimusportalen. Desse gjenstandane, som Nonneseter-stylusen, er med på å syne breidda i skrivereiskapar i norske byar, og er med å på å fylle ut biletet av liv og skriftkultur i mellomalderen.

 

Kjelder:

Bendixen, B. E.: Nonneseter klosterruiner. Supplement V til Kunst og haandverk fra Norges fortid, 5. Bergen 1893, 8 s., 5 pl. Nonneseter klosterruiner (nb.no)

Mårtensen, Anders W.: «Styli och vaxtavlor,» Kulturens årbok 1961, s. 108-142, kulturens-arsbok-1961-tema-bokstaver-och-bocktryckeri.pdf

Ommundsen, Åslaug: «Å skrive med stil – stylus frå Nonneseter gjenoppdaga i museets magasin,” i Årbok for Universitetsmuseet i Bergen 2011, s. 51–55. bm_ayrbok_2011_ferdig_web_versjon.pdf (uib.no)

Schimpff, Volker, «Zu einer Gruppe hochmittelalterlicher Schreibgriffel,» Alt-Thüringen 18, 1983, 213–260.

zs.thulb.uni-jena.de/rsc/viewer/jportal_derivate_00173920/TLA_1983_Bd18_ 0258.tif?logicalDiv=jportal_jparticle_00164187

Stalsberg, Anne, “Skrivepinnar i Nidaros,” SPOR nr. 1, 2011, s. 4–7

spor-2011-1.pdf (sporvm.wpenginepowered.com)