– Knut Olav Aslaksen –
Løvegruppa som er stilt ut i biodiversitetsutstillinga til Universitetsmuseet Naturhistorie, ber med seg ei historie om både utrydding, utstopping, utveksling og utstilling. I dag er det store monteret med dei leikande løvene eit spanande skue for born og vaksne.
Bytehandel
Ulike konservatorer ved Bergens Museum, slike som Fridtjof Nansen, James Grieg og Adolf Appellöf hadde alle eit stort kontaktnett både innanlands og utanlands, og ei rik tilgang på nordiske dyr, fuglar og marine preparat som til dømes kvalskjelett og kvalfoster. Desse nordiske dyra vart nytta som hard valuta og bytemiddel mot andre museum og mot naturaliahandlarar; som Umlauff i Hamburg, Deyrolle i Paris, Sautot i Nantes, Ward i Rochester, Frank i London, Ege i Wien og Fric i Praha.
Kvalskjelett og kvalfoster frå Bergen finn ein i samlingar over heile Europa; i Aten, Bern, Bremen, Cambridge, Dresden, Dundee, Firenze, Napoli, Frankfurt, Gøteborg, Hamburg, Heidelberg, København, Liege, London, Malmø, Newcastle, Oxford, Paris, Pisa, Napoli, Praha, St. Gallen, Stockholm, Uppsala, Wien og i The Smithsonian Institution i Washington. I byte fekk museet andre preparat og dyr til samlingane sine, som til dømes ein giraff, ein orangutang, ein gorilla og ei gruppe løver som hadde fått gullmedalje på Verdsutstillinga i Paris i 1889.
Løvegruppa
Løvegruppa, ei ho og ein han, er av særleg interesse, ettersom den skal representere ein utrydda nordafrikansk underart av løve, som faktisk var utrydningstruga allereie då løvegruppa kom inn til museet, men òg fordi den er eit døme på utviklinga innan taksidermifaget og kunsten i å stoppe ut og framstilla dyr.
Atlasløver var utrydningstruga allereie då løvegruppa kom inn til museet. Gruppa er interessante òg fordi ho er eit døme på utviklinga innan taksidermi, som er faget og kunsten å stoppe ut og framstilla dyr.
Utstopparen
Eit grunnleggjande føremålet for ein taksidermist, ein utstoppar, er å framstille dyr så naturleg og anatomisk rett som råd er. Atlasløvene til museet er ikkje berre naturtru framstilt, men og iscenesett i ein dramatisk og tenkt «naturleg» situasjon. Dette var i tråd med tidas ideal om iscenesetting og framstilling av det framande og eksotiske for eit europeisk publikum, noko som kjenneteikna dei store verdsutstillingane frå midten av 1800-tallet.
Kva veit vi om våre løver?
Vi veit lite om dei to løvene, kor dei vandra i levande live og kven som er taksidermisten. Det vi veit er at løvegruppa skal ha fått gullmedalje på verdsutstillinga og vart tilbode museet av naturaliehandlar Emile Deyrolle, Rue de Bac 46 i Paris, 8. september 1890, i byte mot skinn eller skjelett av sel, spekkhoggar, jerv, fjellrev og blåkval. Kva som faktisk vart sendt i byte frå Bergen til Paris er framleis noko uklart. Løvegruppa er i dag sentralt plassert ved inngangen til utstillinga om biodiversitet ved museet.