1875 «Katalog over Dyresamlingen»

– Knut Olav Aslaksen –

Kunnskapsformidling til folk flest var ei viktig oppgåve frå starten for Bergens Museum. Det vart sidan vidareført som del av føremålet for Universitetet i Bergen, til liks med undervisning og forsking.

Olav Scheveland Jensen (1847-1887) var konservator ved museet. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

…en liden Naturhistorie for Folket…

I 1875 ga museet ut ein «Katalog over Dyresamlingen… udarbeidet til Veiledning for Besøgende» skriven av konservator Olaf Scheveland Jensen (1847-1887). Prisen var  35 øre eller 7 1/2 Shilling (Kroner vart innførd som ny norsk valuta 4. april same år). Katalogen var den først samla oversikt over dyresamlinga ved museet. I forordet viste Jensen til museet si «folkebelærende» oppgåve.

«Thi det har, ved Siden af sit strengt videnskapelige Arbeide, alene at virke direkte for Almenheden. Dets Formaal kan kun være i saameget desto høiere Grad at tjene ikke til Underholdning alene, men til virkelig Belærelse for Folket i Alminnelighed. «

Jensen la vekt på at katalogen skulle vera «en liden Naturhistorie for Folket, knyttet til Museets Samlinger», og var difor både systematisk ordna og pedagogisk lagt til rette for besøkande. I tillegg til namn på dei ulike dyra og artane  inneheld katalogen informasjon om dyra sin anatomi, livsmiljø, levemåte og næringsgrunnlag.

Dyresamlingen. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

Konservatoren

Jensen var utdanna «zoolog» etter studiar i teologi og medisin og arbeidde som 2. konservator ved museet frå 1874 til 1882. Han var Nansen sin forgjengar i stillinga og den første norsk zoologen som sette seg inn i moderne mikroskopiteknikk, noko som Nansen sidan skulle få god nytte av.

Jensen vart av museumsdirektør Jørgen Brunchhorst omtala som ein av dei beste museumsmennene som har vore knytt til avdeling for naturhistorie. I tillegg til å ordna samlinga og utarbeida ein katalog over objekta, viste han fast rundt i museet som i eit slag vandrande foredrag. Under opphaldet i Bergen utførte Jensen ei prislønna undersøking om «Turbellarier [flimmerormer] ved Norges Vestkyst», publisert i Bergens Museums skrifter. Etter opphalde i Bergen reise han til Würtzburg og Liège før han enda som lærar i zoologi ved Universitetet i Kristiania. Sine siste år arbeidde han med embryologi, og påviste ved hjelp av mikroskopi, strukturen til sædsellene hjå virveldyr.

 

Foto: Knut Olav Aslaksen

 

Foto: Knut Olav Aslaksen