1846 Bygdesamlinga – den nære fortid i vår eiga tid

 

– Knut Olav Aslaksen – 

 

Universitetsmuseet si Bygdesamling dokumenterer kvardagslivet sin materialitet i det førindustrielle fiskeri- og jordbrukssamfunnet. Her finns bruks- og prydgjenstander, bygningsdelar, reiskapar, innbu, husflid og kuriosum. Alt er handverksmessig utført, til bruk i kvardag og fest.

 

«Alderens forsonende patina»

Det var museet sin grunnleggar W.F.K. Christie (1778-1849) som tok initiativ til samlinga allereie i 1840. Formelt vart den oppretta av direksjonen i 1846, det vil seie nærmare ein generasjon etter at museet vart stifta i 1825. Christie må ha sett at tidlegare tiders bygdekultur og levesett var i ferd med å forsvinna, og at sambandet til den nære fortida kunne gå tapt – det store hamskiftet sto no for døra i landdistrikta.  Tidlegare hadde museet særleg lagt vekt på å sikra seg kulturhistoriske gjenstandar frå oldtid og mellomalder, etterkvart òg frå hundreåra etter reformasjonen, men samtida sine band attende i tid sto no i fare!

 

– «alderens forsonende patina» – . Foto: Knut Olav Aslaksen, Universitetsmuseet i Bergen.

Innsamlinga

Det nye var at Christie samla gjenstandar som var i bruk i hans eiga samtid. Det store historiske tablået med sin bakgrunn og mellomgrunn skulle ifølge kulturhistorikaren Robert Kloster supplerast med ein naudsynt forgrunn som ennå ikkje hadde fått «alderens forsonende patina». Dette var i seg sjølv noko nytt og banebrytande, og skjedde lenge før arbeidet til markante etnografiske samlarar som Artur Hazelius ved Nordiska Museet, (1872/80) og Hans Aall ved Norsk Folkemuseum (1894) tok til. Christie sin tanke var nokså klar, gjenstandane skulle bygge bruer attende i tid for «at oplyse Formerne og Indretningerne av lignende Sager i Oldtiden og Middelalderen». Kvardagslivets former og funksjoner var det sentrale, ikkje berre  det vakre og skjeldne. Frå slutten av 1860-åra finst det ein Katalog over den ethnografiske samling vedrørende Norge, som inneheld 735 nummer. Ved førre tusenårsskifte talde samlinga over 8000 nummer. I dag er det registrert rundt 15000 nummer i samlinga.

 

Foto: Knut Olav Aslaksen

Turistane kjem

Frå midten av 1800-talet begynte utanlandske reisande å vise interesse for naturen på Vestlandet, og med det vart òg landsdelen sin gjenstandskultur ettertrakta som reiseminner og suvenirar. Frå 1880-åra fekk vi ei rivande utvikling av turismen i bygdene, med organiserte turistreiser frå England og kontinentet og utbygging av turisthotell. Kampen om gjenstandsarven stramme seg til, mellom turistar, oppkjøparar og samlarar.  Mellom  samlerande var òg musea som måtte sikra seg viktige og representative gjenstandar frå fortida. Gjenstandane i bygdesamlinga er uttrykk for ein handverksbasert folkeleg kultur der ting vart laget både for eige bruk og etterkvart òg for sal. Produsent- og konsumentrolla var ofte samanfallande i rom og tid. I tillegg til brukseigenskapane og den handverksmessige utføringa, er mange av gjenstandane svært forseggjort med  ein særeigen estetisk utsjånad. I 1894 sette den austerrikske kunsthistorikaren Alois Riegl nemninga «Folkekunst» på det dekorative  gjenstandsmateriale frå den førindustrielle bygdekulturen.

 

Interiør fra M. Heltbergs suvenirbutikk på Fløyen. Foto: marcus.uib.no

Bygdekulturen som symbol

Bygdekulturen som musea forvaltar er i dag blitt til kulturelle og sosiale markørar for vår eiga tid. Vi ser det med utbreidd bruk av bunadar på høgtidsdagar og på sal av suvenirar og reiselivsproduktet. Interessa for gjenstandskulturen som identitetsskapande symbol har blomstra opp i samband med nasjonale politiske og kulturelle hendingar som unionsoppløysing, okkupasjon, EU-kamp og sportsarrangement som olympiske leikar. Den førindustrielle bygdekulturen er òg blitt dekorative element i norske hytter og hus, ikkje minst som inventar i dei nye fjellandsbyane i det moderne kulturlandskap.

 

Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

«Fortida er eit framand  land»

Materialet i bygdesamlinga er ein del av vår felles hukommelse og ei kjelde til å kunne forstå fortida. Men den er òg viktig for å forstå «samtidsverdiane» og vår eiga bruk og tolking av gjenstandsmaterialet frå fortida. «Fortida er eit framand  land» som vi gjerne oppsøker, opplever, bruker og fortolkar på høgst ulikt vis. Det materialet som Christie fant naudsynt å samla inn som eit bindelekk til den nære fortida, er no  blitt ei kjelde til kunnskap, identitet, oppleving og ein referanse for å forstå  vår  eiga tid.

 

Foto: Universitetsmuseet i Bergen.