1830 Primstaven

 

– Kari Klæboe Årrestad  –

 

Ein primstav er ein kalender frå det gamle norske bondesamfunnet. Den har ofte ei side for merkedagar om sommaren og ei side for merkedagar om vinteren. Den fyrste gjenstanden som er registrert inn i bygdesamlinga ved museet er nettopp ein primstav.

 

Den fyrste gjenstanden som er registrert i bygdesamlinga ved universitetsmuseet, er denne primstaven. Han fekk museumsnummer Bd 001 som står for Bygdesamling nr.1. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

 

Den er svartmåla og datert til 1697. Skolelærer Bendixen, som registrerte funnet skriv at den hadde ein «Simpel form». Det kan ein kanskje vere samd i, men han er likevel flott.

 

Forma

Primstavane er gjerne forma som ei fjøl eller planke, 80 til 100 cm lang og breidda gjerne 5–6 cm medan nokre har sirkelær klaveform. På norske primstavar er symbola delte i to, eitt på kvar side av fjøla  eller langs kvar sin kant på same side; delt i ei vinterside frå 14. oktober til 13. april og ei sommarside frå 14. april til 13. oktober. Nedst på flatene er det skore inn stutte strekar for kvar dag. Somme stavar har ei oppdeling for kvar sjuande strek, slik at det er mogleg å seia kva dag det er om ein kjenner søndagsbokstaven for året. For kvar merkedag finn vi ein figur på stavflata. Dette kan vera krossar eller halvkrossar, men det kan også vera noko som har med kyrkja eller helgenlegendene å gjera.

 

Symbola

Symbola har røter bakover til førkristen tid. Sommarhalvåret byrjar 14. april og har oftast eit lauvtre som merke. I Hordaland var dette kalla «spadagen»; då kunne ein byrja spa kornåkrane i dei varmaste liene. Vinterdagen er den 14. oktober som har ein vott som merke; no går det mot kaldare tider.

 

Ei stor samling primstavar var nokre av dei første gjenstandane museet fekk inn. Klaveforma primstav kom inn til museet i 1830, museumsnummer Bd055. Det er mange innskorne tal og bokstavar på denne primstaven, og de eldste tala er 1624 og 1667. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.
Somme av merka på primstaven er «folkelege»; eit drikkehorn for jul tyder at no skal ein følgja gamal skikk og drikka jul, ei sol for jonsok viser at no står sola på det høgste. Men dei aller fleste merka er tekne frå kyrkjekalenderen. Som merkedagsnamna er dei knytte til dei helgenane dagane har namn etter. Alle norske primstavar har ein kvernstein 15. mai, til minne om at Hallvard vart drukna med ein kvernstein rundt halsen. Ei øks på Olsok 29. juli, er øksa knytt til St. Olav den Heilage. Symbolet er i dag symbolet for Den Norske Kirke saman med korset.
Primstav med to sider og håndtak (Bd36). Foto: Universitetsmuseet i Bergen. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

Kva tyder «primstav»?

To tolkingar kan føreslåast: Førstedelen av ordet «prim» kjem kanskje frå latinsk prima i tydinga gyllental (latin Aureus Numerus); tal som var til hjelp når ein skulle fastsetja når påska kom. Eit anna namn som har vore framme i diskusjonen, er rimstav, der gammalnorsk rim tyder tidsrekning. Det kunne høva godt, for norske primstavar har stort sett aldri gyllental.

 

Primstav (Bd6). Foto: Universitetsmuseet i Bergen. 

 

Merkedagane

Alt vart rekna etter merkedagar, så og så mange dagar før eller etter merkedagen: når kyr skulle kalva og sau lemma, når folk var fødde og når folk døydde, avtalar i arbeidslivet og mykje anna. Merkedagane har stort sett namn frå den katolske kyrkjekalenderen, slik at dei fell saman med namna på helgedagane. Dei er lette å kjenna att, i samanstilling med dag, messe eller voke; tjuandedagen, kyndelsmesse, jonsok. Dei som har gjeve namn til dagane, er fyrst og fremst jomfru Maria, apostlane og katolske helgenar. Berre to av helgenane er norske, St. Olav med to olsokdagar 29. juli og 3. august og St. Hallvard den 15. mai.

 

Primstav (Bd45) med fire sider og håndtak. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

 

Naturhushald

Merkedagane på primstaven høyrer heime i bondesamfunnet sitt naturhushald. Ein går aldri ut over året som ligg framfor ein, og det er få merke som kan kallast langtidsvarsel. Dei gjev «rett tid» for onner og alle slag arbeid, varslar om ein kan venta seg god eller dårleg avling, og fortel om kva vêr ein må innstilla seg på.

Somme merkedagar grip regulerande inn i tilhøvet mellom grannar, og gjev til dømes reglar for når grindar skal vera opne eller stengde, når leigedyr skal takast imot og leverast tilbake, og når ein skal flytte dyr til og frå setra. Andre merkedagar er flyttedag for tenestefolk, og atter andre var halvheilagdagar som det var knytt arbeidsforbod til. Men det dominerande var likevel von og otte for grøde og avling, og her er sjølvsagt vêret noko av det viktigaste.

 

Nostalgi

Primstavane følgde den julianske kalenderen. Da den gregoriansk kalender vart innførd på 1700-talet, vart faste høgtider og merkedagar forskjøve opptil 14 dagar. Det gjorde at primstaven vart vanskeleg å bruke. I dag har me han mest til pynt og nostalgi.

 

Kjelder
Teksten er delvis basert på: Primstaven – tradisjon og folketru, skriven av Brynjulf Alver på kringom.no >